Unio-leiaren sin replikk:

Pensjonskluss frå NHO

Pensjon er temmeleg komplisert. Verre blir det når somme aktørar spreier feilinformasjon. Det gjer NHO-sjef Kristin Skogen Lund. I dagesvis har ho hamra laus på tenestepensjonen i offentleg sektor. Ho har skulda offentleg tilsette for å lure seg unna ein samfunnsdugnad – pensjonsreforma. Slikt skaper forvirring. Viktige pensjonsprosessar pågår, og slikt skaper kluss i vekslinga.

Publisert: 28. januar 2013

NHO vill svekke pensjonsordininga, i alle fall den som er framforhandla mellom regjeringa og organisasjonane til dei offentleg tilsette. NHO likar ikkje at Unio vil ha skikkelege pensjonsvilkår. Det blir for dyrt for næringslivet, som betaler rekninga, må vite.

Sanninga er at offentleg tilsette er omfatta av begge dei store innsparingsgrepa i pensjonsreforma, levealdersjustering og indeksering. Indeksering inneber at løpande pensjonar blir regulert med lønnsvekst minus 0,75 prosent.

Når det gjeld levealdersjustering for opptente rettar i tenestepensjonen, kjem likevel grunnlovsvernet inn i bildet. Grunnlova vernar borgarane mot at lovendringar får tilbakeverkande kraft. Gjennom 2009-avtalen og seinare behandling i Stortinget, har tilsette i offentleg sektor som er fødde i 1958 og tidlegare ein individuell garanti som bremsar levealdersjusteringa. Unio har kravd liknande garantiar for årskulla som er fødde etter 1958 for opptente rettar i perioden fram til 2011, som er vendepunktet for pensjonsreforma. Kva som er regjeringa sitt syn for desse årskulla, står att å sjå.

Men levealdersjusteringa vil føre til at dei som er unge i dag, vil måtte arbeide lenger for å få “full pensjon”. Er du til dømes fødd i 1972, må du med det som er kjent i dag, rekne med å arbeide om lag to år ekstra for å få 66 prosent av sluttlønna som pensjon.

Det er ikkje slik at alt forlengst er på plass i privat sektor, som Skogen Lund vil ha det til. Grunnlovsvernet gjeld også for opptente rettar i ytelsespensjonar i privat sektor. Banklovkommisjonen, som leverte ei innstilling rett før jul, er klokkeklar på det. Det kan innebere at levealdersjustering for slike pensjonar først blir innført i 2017 i privat sektor. Sju år etter offentleg sektor. Men NHO og Skogen Lund er kanskje ueinige i at grunnlovsvernet finst?

Det er pensjonsskilnader mellom offentleg og privat sektor. Mellom anna har offentleg sektor ein meir smidig tidlegpensjon (APF), der delpensjon og avtrapping kan kombinerast. Fleire maktar dermed å strekke yrkesløpet ein god del. Dessutan er det stort sett enklare å skifte arbeidsgjevar internt i offentleg sektor enn det ofte er å skifte arbeidsgjevar og kanskje dermed pensjonsording i det private. Det er lagt betre til rette for fleksibilitet i det offentlege.

Og dersom pensjonen i det offentlege skulle vere noko betre enn for delar av næringslivet, så handlar dette om ulike forhandlingsresultat. Og dei er ikkje sjeldan ulike når vi samanliknar privat og offentleg sektor. Kva og kven som er best, er det sikkert ulike syn på. Men det seier seg sjølv at Skogen Lund har eit problem viss ho trur at NHO-bedriftene betaler rekninga uansett.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv