Unio-leiaren sin replikk:
Heimekontor blir ikkje den nye normalen
Koronapandemien endra arbeidslivet. Folk skulle vere minst mogeleg saman med andre. Styresmaktene gjekk langt i å pålegge arbeidstakarar å arbeide heime i staden for å dra på jobb. Mange gjorde heimen til arbeidsplass. Men det galdt slett ikkje alle. Heldigvis. Då hadde samfunnet gått i stå.
Publisert: 23. oktober 2023
Til og med skuleelevar måtte gjere jobben heime. I ettertid har dette blitt vurdert som både unødvendig og uheldig. Men pandemien skapte frykt, og kalla på ekstraordinære tiltak.
Heimekontor har no blitt meir vanleg enn før, takk vere pandemien. Årsakene er fleire. Mange sparer reisetid. Somme legg vekt på at heimekontor gir meir fleksibilitet til den enkelte, og at ein slepp å blir forstyrra av kollegaer. Særleg gjeld dette dei som flyktar frå dei opne kontorlandskapa. Arbeidsgjevarar kan spare pengar når færre treng faste kontor. Ein rapport frå OsloMet/AFI (2022) peikar på at det oftast er høg produktivitet på heimekontoret, men også at mange mister “gnisten”. Somme synest rett og slett at den kan vere vanskeleg å handtere fleksibiliteten, og å leie seg sjølv.
Det er også ulemper med bruk av heimekontor. Det er mellom anna fare for at dei med stor bruk av heimekontor blir hengande etter når det gjeld lønns- og karriereutvikling. Ei anna ulempe er uklare ansvarsforhold. Nytt regelverk har blitt nødvendig. Det skal liggje føre skriftleg avtale når heimekontor skal vere ei fast ordning i større eller mindre omfang. Likevel har det vist seg at ikkje alt er på plass, og at rettstilstanden kan vere usikker på enkelte område. Mellom anna gjeld dette forsikringsordningar og kva for rettar arbeidstakaren har når det skjer ulykker på heimekontoret. LO-advokat Alexander Lindboe seier til Frifagbevegelse at «slik jobbing i realiteten skjer på den enkelte arbeidstakers egen regning», og viser særleg til vanskar med å få godkjent heimeskadar som yrkesskade. Det trengst difor tydelegare regelverk og fleire avklaringar når det gjeld ansvar knytt til heimekontor.
Enkelte ser no på det å ha heimekontor nærast som ein rett. Men dei er i mindretal. Dei fleste likar det direkte møtet med kollegaer og arbeidsgjevar på arbeidsplassen. Vi er sosiale vesen, også som arbeidsfolk. Teknologien og skjermen kan nyttast til mangt, men ikkje til å gi eller få klapp på skuldra.
Dessutan må dei fleste «på jobben». Ikkje minst gjeld det for yrkesgrupper som arbeider med og for folk. Verken barnehagen eller aldersheimen kan drivast frå heimekontor. Og sjølv om helsesektoren er full av digitale hjelpemiddel må folk møte folk. Inntil vidare må også både bussar, tog og fly ha kompetente folk om bord. Brannar må sløkkast der dei oppstår, og politifolk må å rykke ut når det trengst.
For mange yrkesgrupper er heimekontor ein urealistisk tanke. Lærarar er rett nok i ein mellomposisjon. Dei har alltid hatt heimearbeid – for- og etterarbeid til undervisninga. Det går også fram av ei oversikt SSB har laga. Her går det fram at
litt over 40 prosent av dei sysselsette har arbeidd på heimekontor i deler av arbeidstida i 2022. Journalistar og kommunikasjonsfolk toppar lista over heimekontorbruk. I andre enden kjem helsesektoren og typiske serviceyrke.
Heimekontor er kome for å bli for somme. Men heimekontor blir aldri normalen. Storparten av arbeidstakarane må ut frå heimen for å gjere jobben.
Normalen må difor alltid vere eit godt og trygt arbeidsmiljø. Ikkje minst må det satsast meir på eit godt psykososialt arbeidsmiljø!