Unio-leiaren sin replikk:

Moderasjonsluren

Riksrevisor Kosmo har vore ute med peikefingeren. Ja, meir enn det. Han har brukt hard hand og store bokstavar. Ei rekkje statlege selskap, med NSB og Statkraft i brodden, har plussa på sjefslønningane godt over det som har vore lønnsutviklinga elles i arbeidslivet. Og det har skjedd medan toga har sått og straumen knapt har kome fram.

Publisert: 7. februar 2011

Regjeringa sveittar. Og har dårlegare forklaringar. Men skal stramme inn. Høyrt det før?

Men overfor folk flest er det allereie blåst i moderasjonsluren. NHO har proklamert 0-oppgjer. Litt nærare tariffoppgjeret blir nok volumet skrudd ytterlegare opp. Ekstra høgt blir det når oppgjera i offentleg sektor rykker nærare. Finansministeren set då på autopiloten. Vi får høyre kor vanskeleg det er for konkurranseutsett sektor. Jau då, offentleg sektor driv også verdiskaping. Men det er eksportindustrien som verkeleg tel.

Høgast blir lyden frå næringslivstoppane. Dei også manar til moderasjon for lønnstakarane. Særleg må dei store gruppene i offentleg sektor halde seg i skinnet. Elles går det gale.

Men det stiller seg visst annleis med næringslivstoppane sjølve. Sjefslønningane her er underlagt andre mekanismar. Her må det konkurrerast med utanlandske leiarlønningar. Viss ikkje stikk «dei beste» av.

Moderasjon er for andre. Dei er jo så mange, og det er til saman har dei jo høg løn. Dei også.
4–5 sjukepleiarar eller politifolk for ei statleg leiarlønn. Klart det trengst moderasjon. Blås i veg.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv