Globalisering – godt og gale
Globaliseringa blir trekt fram som ei av forklaringane både på Brexit, Trumpsigeren og på veksande misnøye med elitemakt og elitestyring.
Publisert: 20. desember 2016
For somme er globalisering nærast eit skjellsord, rota til både vondt og gale. For andre er globalisering eit gode. Handel på tvers av landegrenser, og fri flyt av folk og tenester er det som skaper vekst, og som kan løfte folk ut av fattigdom, hevdar tilhengarane. Og det skal leggast til – det er få som er imot handel land imellom. Men det er eit paradoks at dei ivrigaste handelsmotstandarane kan få ein uventa alliert i Donald Trump.
Globalisering – faresignal og korleis bygge ny tillit – var tema for eit kontaktmøte mellom TUAC (Trade Union Advisory Committe) og leiinga i OECD no i desember. Unio var representert i TUAC-delegasjonen.
Både fagrørsla og OECD ser og opplever at globaliseringa skaper uro og misnøye hos mange. Men det er ulike syn både på årsaker og åtgjerder. Frå OECD og frå medlemsland blir det hevda at globalisering og handel urettmessig har kome i miskreditt. Det er heller nasjonale forhold som skaper problem. Difor er det språket og kommunikasjonen som må endrast og forbetrast – ikkje politikken. Dermed skal folk lettare forstå sitt eige beste, blir det antyda.
Ein slik strategi er dømt til å mislukkast, og illustrerer tydeleg avstanden mellom elite og folk.
Problemet ligg i realitetane: Globaliseringa har skapt rikdom for somme, og har samtidig ramma mange. Bedrifter og multinasjonale konsern og leiarane der har hausta fruktene, medan arbeidsfolk i mange land har tapt både arbeid og levestandard.
For fagrørsla er det opplagt at denne kløfta må minskast. Gevinstane av globalisering og (fri)handel må fordelast meir rettferdig. OECD, som har ”inkluderande vekst”, som eit av slagorda sine, burde lett kunne stille seg bak eit slikt krav. Men medlemslanda har ulike prioriteringar, og det er tydelegvis lettare for OECD å lage felles slagord enn felles praktisk politikk.
For TUAC og fagrørsla er høg grad av fagorganisering eit opplagt verkemiddel – ein strategi – på veg mot målet om inkluderande vekst. Det er likevel ei kjensgjerning at både arbeidsgjevarar og styresmakter i ein del land legg hindringar i vegen både for fagorganisering og for kollektive forhandlingar og avtalar. Ein av toppleiarane i Samsung har til dømes sagt at dersom dei tilsette fagorganiserer seg, blir det ” over my dead body”.
Blant fagrørsla sine krav er standardkrav og reguleringar både i land og mellom land, slik at rettar som gjeld arbeidsvilkår, rettferdig konkurranse, og skatt kan sikrast på ein betre måte enn i dag. Dette må følgjast opp med eit program for offentlege investeringar i infrastruktur og utdanning, med OECD i førarsetet.
Samtidig må politikken aktivt prioritere tiltak som styrker sysselsettinga og som kan sikre anstendig lønn og anstendige arbeidsvilkår.
Det nyttar ikkje lenger å påstå at liberalisering og fleksibilitet i arbeidsmarknaden og redusert skatt for toppsjiktet, er vegen til velferd og rettferd, var den klare bodskapen frå TUAC.
Sjølv om Noreg og norsk arbeidsliv står seg godt, er dette eit relevant bodskap også overfor vår heimlege regjering.
God jul!