Konkurransedyktig lønn
2018 er eit år med hovudtariffoppgjer. Både lønnsvilkår, avtaleforhold og pensjonsvilkår blir tema. Unio-oppgåvene står i kø. Medlemmene har sine forventningar, men somme signaliserer også spenning og uro.
Publisert: 9. januar 2018
Dei veit at forhandlingar om offentleg tenestepensjon står for tur. Og dei har, som eg, registrert negative utspel, både frå arbeidsgjevarar og politikarar. For somme handlar det tydelegvis ikkje først og fremst om å fornye pensjonsordninga, men meir om å forringe pensjonsvilkåra. Rett nok står fleire av desse aktørane på sidelina, og ropar mest frå tribuna.
Eg vil difor understreke at vi for tida har ein god dialog med regjeringa både om prosess og innhald. Så får vi vurdere resultatet når den tid kjem.
Etter år med svak lønnsutvikling, er prognosemakarane noko meir optimistiske framfor dette tariffoppgjeret. Men snart kjem nok moderasjonskrava, særleg retta mot offentleg sektor, med full tyngde.
Fjorårets mest interessante lønnsutspel kom frå Tor Arne Gangsø, den gongen ny arbeidslivsdirektør i KS. Han forklarte kvifor toppleiarar i kommunesektoren måtte ha større lønnsvekst enn andre: «lønnsveksten på 4,4 prosent for rådmenn «henger saman med lønnsnivået for ledere i privat sektor», sa Gangsø til Fri fagbevegelse. Han la til at gjennomsnittslønna for rådmenn ligg langt under tilsvarande leiarlønningar i privat sektor. Kommunane må vere konkurransedyktige på leiarlønningar, meinte direktøren, og forklarte med dette kvifor toppleiarane i kommunesektoren hadde sprengt ramma for frontfaget.
Eg takkar KS-sjefen for argumentasjonen. Det er sjeldan motparten viser slik forståing for Unios lønnspolitiske mål og krav: Lønnsgapet mellom utdanningsgruppene i offentleg sektor og i privat sektor må reduserast. Lønnsskilnadene er i dag urimeleg store, noko som også er ein hemsko for likelønna. Offentleg sektor, ikkje minst kommunesektoren, må bli meir konkurransedyktige på lønn. Det er det som må til for at viktige velferdsyrke skal bli meir attraktive. Det er ikkje få kunnskapsarbeidarar kommunane og resten av offentleg sektor skal rekruttere i åra som kjem!
Eg ser fram til årets hovudoppgjer. Og fornya debatt om konkurransedyktig lønn.