Tariff eller politikk?

Når norsk og nordisk fagrørsle diskuterer spørsmålet om minstelønn med våre europeiske fagforeiningskollegaer, er vi beinharde: Lønns- og arbeidsvilkår skal forhandlast mellom tariffpartane, og ikkje overlatast til politikarane.

Publisert: 15. mai 2018

I mange land står fagrørsla så svakt at dei gir opp å forhandle med arbeidsgjevarane, til dømes om minstelønn, og vender seg til politikarane. Somme ønsker til og med at EU skal vedta eit europeisk minstelønnsnivå. Til store protestar frå Norden.

At den norske ordninga, med allmenngjering av lønnsvilkår, i  realiteten er ei form for politiske vedtatt minstelønn, blir det snakka mindre om. Rett nok med ei tarifflønn som utgangspunkt. Heller ikkje at partane i privat sektor tidt og ofte ber om «innblanding» frå regjeringa når tariff-floken blir for vanskeleg.

Likevel, det er ein sterk fagforeiningstradisjon å heller gå for avtale enn lov. Avtalane kontrollerer partane, lovverket er politikarane sitt bord.

Men er det i ferd med å skje ei endring? Modernisering, vil somme kalle det. Eller kanskje er det berre pragmatisme når LO vil at Stortinget skal fikse den tarifftapte saka om pensjon frå første krone? NHO stod beinhardt på sitt nei til pensjon frå første krone. For mange inneber det at først når inntekta passerer 1 G, altså knappe 95 000 kroner, startar pensjonsoppteninga.

Dette er heilt urimeleg. Kravet har mi fulle støtte.

Likevel stussar eg over at LO, med støtte frå AP og SV, vil at Stortinget skal overprøve meklingsresultatet. Rett nok kan kravet knytast til lova om obligatorisk tenestepensjon i privat sektor vedtatt i 2005. Dessutan fekk regjeringa spelt over deler av pensjonsfloken i 2016, og det har gått føre seg både utgreiing og høyring om saka.

Uansett – her er terrenget i endring.

Det er ikkje minst interessant for mange av Unio sine medlemsgrupper. Stadig vekk har politikarar lansert forslag om høgre lønn til både sjukepleiarar og lærarar. Somme av forslaga ha vore overraskande konkrete.

Men det har stort sett blitt med politiske utspel og markeringar. Slike forslag har blitt møtt med skarpe ordelag både frå arbeidsgjevarar og frå LO-sida: Politikarane skal ikkje blande seg inn i det som er forhandlingar mellom partane. Basta! Og dei som har tatt til orde for lovfesta norsk minstelønn har fått på pukkelen frå ei samla arbeidstakarside.

Framleis vil nok det organiserte arbeidslivet kvile meir på avtale enn lov når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår. Men det er ikkje nok å vere rein og rank på papiret viss praksisen blir at politikk meir og meir overtar for tariff.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv