Unio-leiaren sin replikk:

Outsourcing til heimen?

Det er tid å spare. Det er bra for miljøet. Det er meir effektivt. Det er billegare. Påstandane flyg gjennom lufta. Somme meiner at koronakrisa har gitt svaret: Teknologi og heimekontor må bli normalen i framtidas arbeidsliv.

Publisert: 30. juni 2020

Det er slett ikkje opplagt. Enkelte utspel ber meir preg av teknologiromantikk enn kjennskap til arbeidslivet.

For det første er det langt frå alle arbeidsoppgåver eller yrke som kan outsourcast til heimen. Det er vanskeleg å sjå for seg at sjukehusa kan flytte inn i heimen til sjukepleiaren. Eller at bussføraren, politibetjenten eller industriarbeidaren skal gjere jobben frå heimekontoret.

For det andre blir det overtydeleg at når enkelte arbeidsgjevarar ivrar for heimekontor i stor skala handlar det om pengar. Det er billegare at arbeidstakaren sjølv held arbeidsplass. Dette blir nok ekstra freistande no når dei negative verknadene av kontorlandskap med kamp om arbeidsplassar blir tydelegare, enten det gjeld smittefare eller mangel på arbeidsro.

For ein del yrke, ofte slike med lang utdanning og sjølvstendig arbeid, kan heimekontor likevel fungere bra. I alle fall i ein kortare periode. Og heimekontor har vore både nyttig og nødvendig som smitteverntiltak. Men sjølv om heimekontor har fungert som ei bra kriseløysing, må krava om at dette skal bli den nye “normalen” møtast med eit kritisk blikk. Fleire forskarar åtvarar no mot dei langsiktige konsekvensane. Det passar ikkje for alle å arbeide åleine, sjølv om det er vanleg både for forfattarar og andre kunstnarar. Å vere sosialt isolert frå kollegaer og arbeidsplassen kan til og med vere helseskadeleg for enkelte.

Det blir også hevda at koronaerfaringane, med bruk av teknologi og fjernundervisning, vil revolusjonere undervisninga på alle nivå. Det er å overdrive. Sjølvsagt finst det nyttige erfaringar å bygge vidare på. Trass i stor innsats frå lærarane, er det mange elevar og studentar som vil tilbake til fellesskapet og den direkte kontakten med læraren. Dei lærer meir ved å vere på skulen eller på universitetet, enn ved datamaskina eller telefonen heime. Som ein elev sa det i tv-ruta: Eg har sakna tavleundervisninga, og å kunne spørje læraren ansikt til ansikt.

I undervisning som i arbeidslivet elles: Ansikt-til-ansikt-kontakten må ikkje undervurderast. Noko går tapt gjennom videolinken!

I ei undersøking Kantar gjorde for Telenor svarte 800 av 1000 spurde at dei jobbar betre på arbeidsplassen enn på heimekontoret. Likevel vil altså Telenor og fleire andre store konsern outsource kontoret til heimen. Kanskje er det fordi dei håper at i det lange løp vil dei tilsette tilpasse seg? Dersom arbeidstakarane både stiller arbeidsplass og fritid til disposisjon, vil det bli gode gevinstar å hente for arbeidsgjevar. – Ein uslåeleg kombinasjon, meinte ein heimekontortilhengar.

Vi treng ei nøktern debatt om heimekontor. Det er ikkje grunnlag for å idyllisere heimekontoret. For mange er det uaktuelt. I somme tilfelle kan det vere eit supplement, men ikkje ei erstatning. “Det er organisasjonsmessig en farlig vei å gå. Fjerner vi de fysiske arbeidsplassene løser vi også opp fellesskapet”, sa førsteamanuensis i psykologi Knut Inge Fostervold til Khrono for ei stund sidan.

Men på eitt område trur eg det er gevinstar å hente. Ei rekkje møte med lang reiseveg og kort møtetid, kan i langt større grad enn no gjennomførast “på nett”. Det kan vere både klimavennleg og effektivt.

Framtida er koronausikker. Kanskje må mange framleis ha heimen som arbeidsplass også til hausten? Men før den tid er det sommar og ferietid. Det er det mange som treng og fortener i ekstra stor grad i år.

Men hugs meteren og handvasken! Vi har ingen å miste. God sommar!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv