Unio-leiaren sin replikk:
TBU – dårleg betaling for høgare utdanning i det offentlege
Då den foreløpige rapporten frå teknisk berekningsutval (TBU) blei presentert 20. februar var det prisvekst, reallønnsnedgang og lønnsvekst som fekk mest omtale. Dessutan blei det fokus på lønnsvinnarar- og taparar.
Publisert: 24. februar 2023
Ikkje uventa høyrde tilsette i finansnæringa og leiarar i privat sektor til blant lønnsvinnarane. Medan kommunalt tilsette, særleg lærarane, hamna i botnsjiktet. Denne gongen var det dessutan uråd for «frontfagskameratane» i NHO og LO å vri seg unna dei svake sidene ved frontfagsmodellen. Lønnsanslaget derfrå var 3,7 prosent, resultatet 4,1 prosent. Funksjonærane i industrien hadde ein lønnsvekst på 5 prosent. Talsfolk frå industrien forklarer dette enkelt og greitt. Dei må sikre seg kompetent arbeidskraft for å syte for høg produktivitet.
Javel, det er ei forklaring det går an å forstå. Men «kva brast så høgt», kan ein spørje. Frontfagsmodellen, som NHO elles forsvarar høglydt, måtte vike. Det får så vere. Det spesielle er at dette er ei forklaring NHO (og LO) vanlegvis avviser kontant når det gjeld offentleg sektor. Her er behovet for godt utdanna personell minst like stort, i mange tilfelle større. Men lønnsløft utover frontfagsresultatet set heile systemet i fare, pleier å vere bodskapen.
TBU-rapporten er full av ord, tal, statistikk og grafar. Sjølve rapporten er på 172 sider. Med vedlegg er det heile 252 sider. Rapporten viser ikkje berre lønn og pris, Den gir ei oversikt over ei rekkje viktige trekk ved norsk arbeidsliv – sysselsetting, økonomi og konkurranseevne for industrien. På desse områda kan rapporten vere ein nyttig kunnskapsbase. Derimot er det liten eller ingen omtale av utfordringar og oppgåver i offentleg sektor.
Den offentlege debatten handlar oftast om lønnsutvikling frå år til år. I rapporten blir det også gitt oversikt over lønnsnivå for ulike grupper. Her blir gjort tydeleg at privat sektor betaler langt betre for utdanning enn det offentleg sektor gjer. Det er gammalt nytt. Men det har blitt verre. Medan ein industrifunksjonær med fire års høgare utdanning tener om lag 800 000 kroner i året, er lønna for tilsvarande utdanningslengde i kommunal sektor litt over 600 000 kroner. For grupper med lang høgare utdanning (meir enn fire år) er skilnaden endå større, meir enn 250 000 kroner. Lønnsgapet er formidabelt og det veks. Det skaper også skilnader mellom kvinner og menn.
Når det gjeld likelønn for utdanningsgruppene, er det stillstand. Kvinner med høgare utdanning tener om lag 80 prosent av det menn med tilsvarande utdanning gjer. Dette lønnsgapet er verkeleg gjenstridig. Det har stått bom stille dei siste ti åra. Samstundes er det langt fleire tilsette – både faktisk og relativt – med høgare utdanning i offentleg sektor enn i industrien. Kvinner er på frammarsj når det gjeld utdanning, men ikkje i lønnsstatistikken.
Den underliggande mekanismen synest vere: Fordi det er stort behov for mange med høgare utdanning i offentleg sektor må dei lønnast moderat eller lågt. I industrien er det behov for færre, så dermed kan dei lønnast betre. Å arbeide med og for folk er kort og godt mindre verdt. Det gjeld for både kvinner og menn. Både kvinner og menn blir dårleg betalte.
Dette er ikkje berre eit tariffspørsmål. Det er eit samfunnsspørsmål. Kor lenge kan politikarar halde fram med å mumle at dette er «partane sitt ansvar»?