Unio-leiaren sin replikk:

Universitet og høgskular på pinebenken

Eg hadde verkeleg venta at Støre-regjeringa skrota ABE-reforma ved første høve. Men det skjedde ikkje då det første budsjettframlegget blei lagt fram. I opposisjon har regjeringspartia konsekvent kritisert dei årlege ostehøvelkutta i offentleg sektor. I Hurdalsplattforma blir det også slått fast at Solberg-regjeringa si «effektiviseringsreform» skal vekk.

Publisert: 24. november 2021

No forhandlar regjeringspartia med SV om neste års budsjett. Eg skal vere varsam med å spå, men frå utsida verkar det dessverre ikkje som om ABE-kuttet er eit hovudtema i forhandlingane.

Ei vidareføring av ABE-reforma vil ramme universiteta og høgskulane ekstra hardt. I staden for å auke basisløyvingane, kjem regjeringa med eit budsjettkutt på om lag 40 millionar. På toppen av dette har vi striden om «ikkje-finansierte» løyvingar frå Forskingsrådet, som rådet langt på veg hadde garantert til det såkalla «Fellesløftet». Fellesløftet er eit spleiselag der det er lagt opp til at institusjonane skal dekke halvparten, staten den andre halvparten. Meldinga frå statsråden har vore klokkeklar: Forskingsrådet må sjølv syte for å finansiere lovnader dei har gitt. Det nyttar ikkje å kome til regjeringa og krevje 500 millionar kroner. Kva som blir utfallet her, er framleis uvisst.

Men det er liten tvil om at den nye regjeringa ikkje lever opp til forventningar regjeringspartia sjølve har skapt. Dei startar regjeringstida med å legge universiteta og høgskulane på ein økonomisk pinebenk. Det er overraskande, og det burde vere unødvendig. Dessutan skulle ein tru at dei sjølve hugsa det famøse kvileskjeret for universitet og høgskular i den førre raudgrøne regjeringsperioden!

Det kom heller ikkje forbetringar i studiestøtta til studentane. Det verkar som om ambisjonane om «heiltidsstudenten» lang på veg er lagt vekk, dessverre.

På eitt område har regjeringa og statsråd Ola Borten Moe varsla betre tider. Han krev at institusjonane leverer skikkeleg, og ryddar opp i den langvarige misbruken av mellombelse stillingar i sektoren. Kravet er at omfanget av mellombelse stillingar skal ned på nivå til resten av arbeidslivet. Det vil seie at mindre en 10 prosent av dei tilsette kan vere mellombels tilsett. Institusjonane har fått klare politiske bestillingar tidlegare. Litt betre har det blitt. No trugar stasråden med sterkare styring, om nødvendig gjennom lov og forskrift.

Men i første omgang får vi først og fremst ein ny diskusjon om definisjonar og fakta. «Faste mellombelse» stillingar er visst blitt ein ny kategori som kan pynte på statistikken. No må det ryddast opp. Det er ein viktig del av den nasjonale kunnskapssatsinga.

Det nyttar ikkje å halde unge forskarar på pinebenken til dei blir gamle!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv