Unio-leiaren sin replikk:
Godt lønnsoppgjer
Unio har landa tariffoppgjera både i staten, KS og Oslo kommune med godt resultat. Dette skjedde for ein gongs skuld gjennom forhandlingar og utan brot og mekling. Det er i seg sjølv positivt.
Publisert: 2. mai 2023
Det ligg ein lang prosess og iherdig arbeid bak resultata. Forbunda og lokale tillitsvalde har sytt for dialog med lokale arbeidsgjevarar og politikarar i alle tariffområda. I så måte har det vore både aktivitet og press i heile lønnskjeda, frå arbeidsplass til dei sentrale aktørane. Forhandlingsutvala har arbeidd godt og intenst. Forhandlingsleiarane, med støtte frå dei sekretariatstilsette, har stått på. Og det har vore styrke og inspirasjon i godt fellesskap. Det er også grunn til å gi ros til arbeidsgjevarsida for å ha vist konstruktiv forhandlingsvilje.
Ekstra viktig var det med eit bra resultat i KS-området. Her har det vore streik i to tariffoppgjer på rad. I 2021 var eit samla Unio i KS i streik. I 2022 var Utdanningsforbundet i streik. I begge tilfella greip regjeringa inn med tvungen lønnsnemnd og streikane blei stoppa på syltynt grunnlag. Men samtidig gav dette kraft og energi inn i forhandlingane i år.
Unio har lenge kritisert frontfagsmodellen og måten den har blitt praktisert på. Arbeidsgjevarane i dei offentlege tariffområda har for lett akseptert frontfagsprognosen som fasit for ramma. Dette har gjort at offentleg sektor har blitt hengande etter både når det gjeld lønnsutvikling og lønnsnivå. Særleg gjeld det dei med lang utdanning og lang ansiennitet.
Difor var eitt av hovudkrava frå Unio at ramma måtte bli høgare enn frontfagsprognosen på 5,2 prosent. Dette var nødvendig for å kompensere for litt av lønnsetterslepet. Samtidig var det eit behov for å gi noko ekstra til dei lågast lønte. For Unio-gruppene i kommunesektoren gav dette eit tillegg frå 1. mai på mellom om lag 25 000 kroner og om lag 43 000 kroner, avhengig av utdanning og ansiennitet.
I staten er mekanismane annleis for Unio sine medlemsforbund. Ramma er om lag 5,2 prosent. For LO- og YS-forbunda blei det eit flatt kronetillegg. For Unio skal det meste fordelast lokalt. Forbunda har mange dyktige tillitsvalde, så dette bør gi god utteljing.
Så skal det leggast til at i «ramma» ligg både «overheng» og «glidning» – framandord for dei fleste som ikkje er tariffnerdar. Den praktiske konsekvensen er at tillegga frå 1. mai, for den einskilde, ikkje er dei same som årsramma på 5,2 og 5,4.
Men så langt tyder dette resultatet på at dei aller fleste Unio-medlemmer i kommune og stat vil få reallønnsforbetring i 2023. Men kva som blir det endelege utfallet er likevel usikkert. Prisveksten er berekna til 4,9 prosent. Men det er eit anslag, ikkje eit resultat. Det same gjeld for frontfaget. 5,2 prosent lønnsvekst er ein prognose. Vi har ved fleire høve sett at dei lokale forhandlingane har gitt god utteljing, og dermed eit høgare frontfagsresultat.
For Unio og forbunda kjem det fleire forhandlingar. Det gjeld mellom anna forhandlingar med Spekter, der sjukehusa er det største tariffområdet. Her er det planlagt forhandlingsstart i slutten av mai. Det er grunn til optimisme også for komande oppgjer dette året.
Vi kjenner som sagt ikkje det endelege tariffresultatet – eller resultata – for 2023. Men det vi veit er at lønna for utdanning, kompetanse, ansvar og risiko må bli endå betre. I 2024 er det hovudtariffoppgjer…