Unio-leiaren sin replikk:
TBU – likelønn i revers
No veit vi det meste om lønnsveksten i 2013. Vi har fått ein ny rapport frå TBU – teknisk utrekniningsutval for lønnsoppgjera. Marsrapporten gir mykje informasjon.
Publisert: 31. mars 2014
Utvalet er ein arena for den norske modellen. SSB sit i førarsetet, og partane er med. Vi får tal, mange tal, og oversyn over korleis det har gått sidan sist. Kvar tok lønnspengane vegen? Kva for grupper som blir sett pris på i form av årslønn og utvikling.
Tal er tal. Men ikkje nødvendigvis vitskap. Det handlar i stor grad om «anslag», og dermed i nokon grad vurderingar og spådomar. Kanskje også politikk. Til dømes om prisveksten i året som kjem. Og i alle fall ligg det politikk og prioriteringar bak tala.
Av og til kjem det overraskingar. Som når lønnsveksten i helseføretaka steig frå 3,0 til 3,9 i løpet av eit par månader. Ein vekst på 30 prosent i løpet av eit par månader hadde vore bra. Viss det var lønnsvekst. Her var det nok ein førebels feil som slo ut eller inn.
Vi får også politikk svart på kvitt: likelønnsgapet aukar, trass i ambisjonar om det motsette. Gapet er størst for kvinner med høgre utdanning. Dei arbeider jo for det meste i offentleg sektor! Og somme synest visst at det er forklaring god nok. Det blir vist til den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Og at kvinner vel feil – visst nok både feil utdanning og feil yrke. Viss dei ville ha betre lønn, altså. For det er behov for fleire, langt fleire til kunnskapsjobbane i det offentlege.
Å arbeide med pengar og papir i finanssektoren må vere langt viktigare enn å arbeide med og for folk i i det offentlege. Enten det er i politiet, helsesektoren eller utdanningssektoren. I alle fall målt med lønn. Lønnsgapet er eit par hundre tusen kroner. Også industrifunksjonæren blir sett pris på. 30 prosent høgre lønn enn sjukepleiaren, og betre betalt enn professoren.
«Alle» snakkar om kor viktig det er å rekruttere gode lærarar. Og i 10 månader i året høyrest det ut til at heile establishment meiner at lønna må opp. Men i april og mai får pipa ein annan lyd. Då rular konkurranseretta industri. Og tankegangen er at det vil vere «øydeleggande» for konkurranseevna om lønna for kunnskap skulle kome på nivå med industrifunksjonæren. Eller at kvinners utdanning og arbeid skulle lønnast på same nivå som det menn får.
TBU har tal for mangt og mykje. Men heile sanninga kjem neppe fram – i alle fall ikkje logikken bak at tala blir som dei blir.