Unio-leiaren sin replikk:
Splid mellom privat og offentleg?
Alle er einige om det viktigaste: å stoppe smitte og å sette liv og helse først. Alle må gjere sitt.
Publisert: 08. april 2020
Samtidig er mange og sprikande synspunkt i ferd med å prege debatten. Somme rasar framleis over hytteforbodet. Andre fyrer seg opp over at det blir innført lokale smittevernreglar. Og andre ønsker seg svenske tilstandar. Nokre få medverkar til store folkemengder. Visst nok som ein slags protest.
På den andre sida har vi helsearbeidarar som står midt i koronakampen, med risiko for eiga helse. Og ei rekkje andre yrkesgrupper som gjer sitt beste for å halde hjula i gang, dels frå arbeidsplassen og dels frå heimen. Mange får velfortente klappsalvar. Fleire av desse høyrer til i Uniofellesskapet.
Regjering og Storting syter for den eine krisepakken etter den andre. Litt politisk spel ser vi, men i det store og heile står det politiske Norge imponerande samla.
Dessverre kan ikkje krisepakkane hindre at svært mange blir permitterte, og somme også oppsagde. Vi ser allereie fleire konkursar. Arbeidsløysa er skremmande stor. Og det kan bli verre.
Det er då vi må stå saman. Det er då staten skal vere til hjelp for innbyggarane. Staten og det offentlege skal vere folket sine tenarar. Utan omsyn til yrke, arbeidsgjevar, geografi eller om ein er tilsett i det offentlege eller det private. Vi er alle avhengige av kvarandre.
Vi toler godt ein debatt både om hyttereglar og lokale tiltak. Og det er ingen grunn til å tru at påska blir ei stille tid på sosiale medium.
Det som er meir illevarslande er at vi ser tendensar til at somme prøver å så splid mellom tilsette i privat og offentleg sektor. Ein av desse er Asle Toje, som ei tid var forskingsdirektør ved Nobelinstituttet. No prøver han å skape ufred. Han hevdar at offentleg tilsette får lønna si uansett, og at det er offentleg tilsette som bestemmer at privat sektor skal stengast ned. (DN 27.3).
Ja, det er skilnader mellom offentleg og privats sektor. Dei har ulike oppgåver. I ei tid som dette er det heilt nødvendig og opplagt at offentleg sektor skal gjere jobben sin. Ikkje nok med det, innsatsen må forsterkast. Eigentleg burde fleire ha vore på jobb i og for fellesskapet.
Det er i tider som dette at vi ser kor viktig samspelet i samfunnet, ikkje minst i arbeids- og næringslivet er. Næringslivet åleine kan ikkje løyse denne krisa.
Derimot kan samarbeid og gjensidig respekt, saman med politisk leiarskap, gi oss godt håp om betre tider.
God påske, så langt råd er, til alle – og takk for innsatsen.