Unio-leiaren sin replikk:
Blåblått budsjett
Vi har fått det første blåblå budsjettet. Mange rikingar er godt nøgde. Det har dei grunn til. Men dei jublar likevel ikkje. I alle fall ikkje offentleg. Dei ville hatt meir. All formueskatt bør vekk, er målet.
Publisert: 13. oktober 2014
Likevel. Dei superrike får godt betalt: Dei ti rikaste her til lands får godt over millionen i skattelette. Det er 760 personar med nettoformue på over 100 milliardar kroner. Dei får i snitt 815 000 kroner i skattelette.
I alt er det ca 4.2 mrd som blir delt ut som skattelette i form av redusert formueskatt. Med annan skattelette blir det noko over 8 milliardar som går «tapt» i inntekt for fellesskapet.
Dette er ikkje svært overraskande. Skattelette var ei fanesak for dei to regjeringspartia gjennom valkampen. Og regjeringsplattforma varslar oppfølging. Slik sett –regjeringa prioriterer. Det er realt.
Det som ikkje er realt, er måten dei skaffar seg budsjettbalanse på. At dei plussar på nokre oljekroner får så vere. Men samstundes gjer det angrepa på dei som står svakast ekstra ille. Regjeringa skaffar seg «inntekter» gjennom usosiale kutt: Barnetillegget i uføretrygda blir fjerna, overgangsstønaden blir barbert, og støtta til frivillige organisasjonar blir minimert.
I tillegg blir det kalkulert med ein «effektiviseringsgevinst» i offentleg sektor ved å kutte driftsbudsjetta flatt og rått med 0.5 pst. Lånerenta for lån i Statens pensjonskasse skal opp for tredje gong på rad. Offentlege tilsette er nok ikkje regjeringa sine favorittar.
Det er ikkje utanlandske studentar heller, om dei kjem frå land utanom EØS. Slike gratispassasjerar synest ikkje regjeringa noko om. Så då blir det kutta i budsjetta til universitet og høgskular.
Men slik er det vel når dei økonomiske lovene skal gjerast om til politisk praksis. For å få råd til å kutte i formueskatten, må pengar hentast ein stad. Og då var det somme budsjettpostar som stod meir lageleg til for hogg enn andre.
Så får vi sjå kva som skjer i Stortinget. Dette blir ein test også for KrF og Venstre. Både om klimapolitikken, kunnskap og velferd, og om den sosiale profilen.