Unio-leiaren sin replikk:

Til urnene

I dag er det siste sjanse til å røyste. Forhåpentlegvis er det rekordmange som har gjort “borgarplikta” når røystesetlane blir talde opp I kveld. Det forpliktar dessutan at vi i 2013 markerer at det er 100 år sidan kvinner fekk røysterett.

Publisert: 9. september 2013

Stortingsrepresentantane fortener at mange står bak dei. Oppgåvene er mange, og ansvaret stort.

Politikarar frå alle parti har stått på til det siste. Ikkje minst har partileiarane vist ei formidabel stayerevne gjennom valkampen. I TV2-debatten laurdag kunne vi vel ane at sisterunda røyna på og at fleire kjempa mot mjølkesyra. Absolutt til å forstå. Det røyna vel litt på for somme av sjåarane også. Litt mykje repetisjon. Det er grenser for kor fengande handlingsregelen kan gjerast.

Og her ligg nok litt av utfordringa for dei raudgrøne, særleg for stasministeren. For det første er forsvarsposisjonen som regel ekstra krevjande. Og sjølv om Jens er ein knakande god tv-debattant, skal det godt gjerast å framstille ein politisk framforhandla handlingsregel som gudegitt. Ap sin kaosstrategi – at det meste går gale på borgarleg side – blir nok lett oppfatta som arrogant overfor dei mange som er på veg til dei borgarlege partia.

Og det har Erna Solberg spelt på når ho har møtt det med eit forsiktig smil og stigande tillit. Erna er ikkje ikkje den store folketalaren, og ho har tapt oppslutnad under valkampen. Men ho er meir folkeleg enn mange forventar av ein høgreleiar. Det er inga ulempe for ei som gjerne vil bli regjeringssjef og koalisjonsleiar. Akkurat det blir nok i så fall tøffare enn å vere høgreleiar.

No får vi vente på oppteljinga. Og bu oss på nytt Storting og ny Regjering. Det blir det same kven som vinn.

I mellomtida er det på sin plass med ei helsing til alle tusen fotfolka for dei ulike partia. Dei pustar nok litt letta ut etter timar på stand, med vaffelsteiking m.m. – og ventar i spenning. Dei og alle dei som står på lister rundt om i fylka er viktige demokratiforkjemparar.

I spenning ventar nok også OL-forkjemparane. I den saka burde det sanneleg ha vore meir demokrati og mindre business.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv