Unio-leiaren sin replikk:

Bra, Aasland

Forskingsministeren har gitt regjeringsapparatet ei skikkeleg lekse: lær og praktiser basisreglane for fri og uavhengig forsking.

Publisert: 23. november 2010

I fleire reportasjar har Aftenposten sett søkelyset på korleis styresmaktene prøve å pynte på forskingsresultat og å styre forskinga. Eit av utgangspunkta var at Arbeidsdepartementet prøvde å styre ein forskingsrapport om sjukelønnsordninga ved å påverke forskaren til politisk korrekte vurderingar og resultat. Departementet har beklaga etter kvart.

Andre avisoppslag viste at det var god grunn til å slå alarm – fleire offentlege instansar har hatt problem med å skilje mellom forsking og konsulentarbeid.

Når forsking på denne måten blir pynta på, svekkjer det tilliten både til styresmaktene og til forskinga. Det blir sådd tvil om kunnskapsgrunnlaget, og korleis det blir brukt i politikken.

Difor var det bra med så klar tale frå forskingsministeren. Ho slår fast at det er ekstra viktig at offentlege oppdragsgjevarar legg til rette for fri og uavhengig forsking.

Godt jobba, Tora Aasland – dette var rett og klar tale frå forskingsministeren.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv