Unio-leiaren sin replikk:

Betre for helsa?

Det er 2012. Det er tid for samhandling og for reform: samhandlingsreforma er i sving. Det gjeld helsa – di og mi helse.

Publisert: 2. januar 2012

Staten og kommunane skal samhandle betre, sjukehusa og kommunehelsetenesta skal samhandle betre. Det meste skal bl i meir effektivt, Du skal få hjelp der du er. Og ikkje minst: det skal satsast meir påførebygging, på aktivt folkehelsearbeid.

Klart dette er bra. Unio har støtta ideen bak og måla med samhandlingsreforma. Men eg er likevel usikker på kva som blir kvardagspraksisen i Helse-Noreg. Og ikkje minst – kva blir kvardagsresultatet i Kommune-Noreg?

Eit av føremåla med reforma er “kostnadseffektivitet” – betre kontroll med økonomien.
Ikkje noko gale med det. Effektivitet er også bra. Men på kva måte? For kven?

Det finst inga oppgåve norske kommunar seier nei til. Og slett ikkje KS. Fleire oppgåver er meir makt, synest vere den felles kommunale tankegangen. Og økonomiske overføringar i ein sekk, slik at “vi” kan bestemme utan innblanding frå Storting eller regjering eller andre. Og staten er sjølvsagt fornøgd med slik velvilje.

Heilt til folk reagerer og kritiserer. Då startar ping-pong.spelet. Om pengar og om ansvar. – Det er kommunane som har ansvaret – demonstrer framfor rådhusa, seier staten, altså regjeringa. – Det er staten som har pengane, og dermed det overordna ansvaret, svarer kommunane.

Og når begge har rett, blir det gjerne brukarane og dei tilsette som kjem i klemma. I alle fall når budsjetta ikkje strekkjer til. Det gir ein viss grunn til uro dersom forskaren som uttalte seg til Dagbladet 2.1 har rett: “reformen handler mer om hva kommunen erpliktige til enn hva pasientene har rett på”.

Men kanskje blir det likevel bra med samhandlingsreforma? Eg er i alle fall sikker på at evne og vilje til å investere langsiktig i folkehelse og førebygging blir avgjerande.

I tillegg blir det nok også viktig at det finst vilje og evne til å justere kursen under vegs.

Men det aller viktigaste er at samhandlingsreforma fører til eit betre tilbod om helsetenester til folk – same kvar dei bur. Der ligg spenninga, men også forventningane.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv