Unio-leiaren sin replikk:

Godt nyttår til velferdsstaten

Dette er tida for å ønske kvarandre godt nyttår. Det er ein tradisjon som står sterkt. Fest og fyrverkeri pregar årsskiftet over heile verda. Til og med frå Kyiv får vi nyårsbilde. Men her er bakgrunnen svært dyster og alvorleg. Gjennom tv-skjermen både ser og høyrer vi drønna frå ein tragisk krig.

Publisert: 3. januar 2023

Kong Harald sin nyttårstale, der han oppmoda oss om «å løfte blikket» og å spørje «kva kan eg gjere for deg», var ei viktig påminning til oss alle. Kongen trekte også fram kor viktig det er å vise solidaritet, ikkje minst i krevjande tider. Det er tøffe tider for mange også her heime, sjølv om situasjonen er verre mange stader i verda.

Årsskiftet er også tida for oppsummeringar og spådommar. Økonomane er ei faggruppe som stadig blir brukt, særleg som spåmenn. Rett nok viser ofte oppsummeringane at ikkje alle spådommar har vore særleg treffsikre. Eit godt døme er prisveksten. Her har prognosane bomma kraftig når vi ser tilbake på 2022. Krig og straumkrise forklarar ein del, men ikkje alt.

«Økonomiavisa» Dagens Næringsliv har spurt fem kjende økonomar om prognoser for 2023. Prisanslaga varierer frå 3,4 til 5,0. Også prognoser for lønnsveksten varierer, frå 4,0 til 5,1. I sum trur desse økonomane på ein svak reallønnsvekst. Alt dette er svært usikkert. Ein skal ikkje leite lenge før ein finn andre tal. Det er også mykje som er usikkert når det gjeld arbeidsmarknaden. Somme spår vekst i talet på arbeidslause i 2023.

Den økonomiske situasjonen for folk flest vil i stor grad vere påverka av rentepolitikken frå Noregs Bank, og ikkje minst korleis straumprisane utviklar seg. Straumstøtta er både viktig og nødvendig, men er neppe ei langsiktig løysing. Regjeringa har varsla nye grep, men kva for tiltak og når dei eventuelt kjem, er framleis uklart.

Eg reknar med at partane i arbeidslivet blir involverte i prosessar som vedkjem både arbeidslivspolitikk og velferdspolitikk – enten det gjeld straumprisar eller andre tiltak som slår inn på økonomien til folk flest. Statsminister Støre hadde eit godt poeng då han i nyttårstalen slo fast at «velferdsstaten er der for å bli brukt». Det er ein fare for at mange – for mange – vil ha bruk for hjelp frå velferdsstaten i året vi no tar fatt på.

I Unio har vi dessutan ei betydeleg uro for at økonomien i offentleg sektor, ikkje minst kommuneøkonomien, vil bli faretrugande trong i året som kjem. Det vil kunne ramme mange. Alle skal kunne vere trygge på at det offentlege leverer gode tenester. Stram økonomi vil dessutan auke presset på dei tilsette, eit press som mange stader allereie er uforsvarleg tøft.

Alle kommunar i landet har no busett flyktningar frå Ukraina. Medlemmene i Unio-forbunda har, saman med mange andre, sjølvsagt gjort sitt for å legge til rette for at flyktningar som kjem til Norge blir ivaretekne på best mogeleg måte. Det vil dei gjere også dette året, når det kanskje kjem 40 000 nye flyktningar berre frå Ukraina. Kommunane må framleis ta det praktiske ansvaret for å ivareta flyktningane, både når det gjeld bustad, opplæring og helsetenester. Men kommunane kan ikkje klare alt åleine. Næringslivet må også gjer sitt, først og fremst med å tilby arbeid.

Hovudansvaret for offentleg sektor og offentlege tenester kviler likevel på regjeringa. Unio forventar difor at regjeringa stiller opp med pengar, om nødvendig gjennom nye løyvingar til offentleg sektor, nettopp for å sikre at «velferdsstaten er der for å bli brukt».

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv