Unio-leiaren sin replikk:

Kvar er arbeidsgjevaren?

Norwegian-streiken ser ut til å vere full av større og mindre konfliktar. Somme handlar om klassiske tariff-forhold, økonomi, pensjonsvilkår og arbeidstid.

Publisert: 9. mars 2015

Sett utanfrå er det likevel andre forhold som har prega konflikten:

– internasjonalisering og konsekvensar for norske lønns- og arbeidsvilkår.

– selskapsorganisering – eit verkemiddel for å sleppe unna reelt arbeidsgjevaransvar?

Luftfarten er ei internasjonal bransje med stadig tøffare konkurransevilkår. Difor kan ikkje selskapet halde seg med norske lønns- og arbeidsvilkår, meiner selskapet. I alle fall ikkje fullt ut. Kor lenge Norwegian med rette kan kalle seg ”Norwegian”, er eit ope spørsmål.

Vi har sett det før, ikkje minst i sjøfarten: Ein kombinasjon av utflagging og press på norske vilkår. I utanriksfart er det så godt som slutt på at norskeigde skip har norsk mannskap. Talet på norske skip i NIS-registeret har også gått kraftig ned. No er også innanriksfarten under press. Både norske vilkår og norske sjøfolk taper terreng.

Politikarar og reiarar likar framleis å omtale Noreg som ein sjøfartsnasjon. Og framleis vil norske politikarar ha ein finger med når det gjeld luftfart. Kor lenge regjeringa vil vere medeigar i SAS, står att å sjå. Det har vore meir enn ein bergingsaksjon. Vi har også sett Norwegian-tendensar når det gjeld organisatoriske grep og arbeidsvilkår i den danske delen av SAS.

Kanskje er det rett og slett for store saker som ligg på bordet hos Norwegian og hos pilotane? Saker som både er prinsipielle, men også praktiske, og som i alle tilfelle burde kalle på politisk interesse. Det handlar om framtidige vilkåra for norske bedrifter og arbeidstakarar.

Kan det verkelg vere greitt at

1. Norske lønns- og arbeidsvilkår ikkje skal gjelde i Noreg – på norsk territorium?
2. Stillingsvern og streikerett kan settast til sides gjennom organisatoriske grep?

Hovudsvaret må vere nei, i alle fall viss vi skal bygge vidare på den norske arbeidslivmodellen.

Det ser i alle fall ut til det er nødvendig å ta opp att debatten om ”arbeidsgjevar”-begrepet i Arbeidsmiljølova. Dette var tema etter arbeidslovsutvalet for 10 år sidan. Men både Bondevik II regjeringa og Stoltenbergregjeringa slo seg til ro med «forelda» formuleringar.

Det held tydelegevis ikkje lenger. Det er nødvendig med modernisering og oppstramming.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv