Unio-leiaren sin replikk:

Streikestøtte

Unios største medlemsforbund, Utdanningsforbundet, er i streik. Det er ein alvorleg situasjon. Dei streikande har Unios klare støtte. Kommmunesektoren har eit stort og klart ansvar for at barnehagen, grunnskulen og vidaregåande opplæring gir god kvalitet til barn, unge og vaksne. No tar ikkje kommunar og fylkeskommunar ansvaret sitt som dei bør. KS må bere ein god del av ansvaret.

Publisert: 29. august 2022

Eg er fornøgd med at dei fleste Unio-forbunda kom fram til avtale med KS i årets oppgjer. Frå somme forbund har eg fått spørsmål om det er greitt å gi streikestøtte når ein sjølv har akseptert og inngått avtale. Det er sjølvsagt greitt. Ikkje berre det. Det er naturleg å støtte kollegaer i kamp. Ein fagorganisasjon skal først og fremst ivareta eigne medlemmer. Men å vere fagorganisert handlar også om å sjå ut over eigne rekkjer. Solidaritet er ein del av fagrørsla sitt DNA.

KS argumenterer med at 37 av 40 forbund har sagt ja til avtale. Det stemmer. Men «opplysninga» er mangelfull på minst to måtar. Ingen av desse forbunda representerer lærarane. Lærarane er den største yrkesgruppa i kommunesektoren, og utgjer ein firedel av dei tilsette. Det bør i det minste KS ta innover seg.

At partar som er i konflikt har ulike syn på situasjonen er nokså vanleg. Men at KS prøver å vri seg unna talgrunnlaget frå teknisk berekningsutval (TBU) er uakseptabelt.

Ein streik som dette rammar tredjepart. Først og fremst elevar på ulike nivå. Foreldre og føresette er urolege. Streiken er samstundes ei alvorsmelding til samfunnet – til politikarar og styresmakter. KS spelar høgt. Det spørst kor lenge sentrale politikarar kan stå på sidelina og sjå på kor uklokt KS og kommunesektoren forvaltar ansvaret dei har for ein av dei viktigaste nasjonale institusjonane.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv