Unio-leiaren sin replikk:
Bomskot frå Brox
– Det er for mange som studerer og tar høgre utdanning her til lands, hevda professor Ottar Brox på Dagsrevyen 15. august. Etter eit langt liv i akademia syntest tydelegvis Brox at tida var komen for å bremse tilgangen på høgre utdanning for dagens unge. Ved studiestart er Brox si melding til ungdom at dei har valt feil og burde gjort noka anna.
Publisert: 16. august 2011
Meiner verkeleg Ottar Brox at det er sløsing med samfunnsressursar at om lag ein trededel av ungdomskulla tar høgre utdanning?
Ikkje noko tyder på at han har rett. Arbeidslivet blir stadig meir kunnskapsbasert. I andre nordiske land er det relativt fleire som tar høgre utdanning. Noreg er i midtsjiktet blant OECD-landa. Vi sløser ikkje med ressursane i denne samanhengen. Snarare tvert imot.
Det er mange arbeidsplassar – til dømes i helsesektoren og i utdanningssektoren – der det er mangel på kvalifisert personell. Både skular, sjukeheimar og barnehagar må ty til ufaglærte for å halde hjula i gang.
Dei fleste som tar høgre utdanning får relevant arbeid etter studiane. Sjølvsagt er det variasjonar – det er ikkje alltid balanse mellom tilbod og etterspørsel på dette området heller.
Sjølvsagt – ikkje alle kan eller skal studere ved universitet eller høgskular. Og det er uråd å slå ekstakt fast kor stor andelen skal vere. Men Noreg ligg slett ikkje for høgt i dag.
Dessutan er det heldigvis framleis mange yrke og arbeidsoppgåver som ikkje treng eller krev høgre utdanning. Det er mange vegar til gode jobbar. Og det burde definitivt satsast meir på fagutdanning og på lærlingordninga.
Brox er på ville vegar viss han meiner at eit samfunn taper på at ungdom som ønsker det får ta høgre utdanning. Kunnskap trumfar alt, for å bruke ei nyttårshelsing frå statsministeren.