Unio-leiaren sin replikk:

Mellombels de luxe!

Aftenposten 8. februar omtalar ein ny trend i delar av arbeidslivet. Ungdom går til bedrifter og ber om å få arbeide gratis, for på den måten å få seg praksis. Eller kanskje det snarare er bedrifter som inviterer ungdom inn til praksis og gratisarbeid. Aftenposten har funne døme på begge variantane. Og der er sikkert andre ”mellomløysingar”. Men når ei bedrift har kunngjort at ei halv ulønna stilling er ledig, må klokker ringe. Både hos arbeidsgjevarar, hos jobbsøkarar og hos styresmakter.

Publisert: 9. februar 2015

Slike tilfelle høyrer ikkje heime i eit seriøst arbeidsliv. Ifølgje Aftenposten er det først og fremst i kommunikasjons- og PR-bransjen dette skjer. Også med ei viss kopling til utdanningsinstitusjonar på området.

Dette er ekstremvarianten av Robert Erikssons sitt mellombels forslag:

Her får ungdom ein fot innanfor. Her får ungdom vise seg fram. Og det kan godt hende dei er arbeidssøkande, eller under utdanning. Men framfor alt – her får arbeidsgjevar teste ut kandidaten i fri flyt. Ungdomane har ingen rettar. Arbeidsgjevar slepp all risiko. Og ikkje nok med det: Det er gratis! For arbeidsgjevar.

Men viss dette skjer frivillig, må det vel vere greitt? Og kanskje fører det faktisk til at det endar opp i ein fast jobb.

Dette er ikkje forbode. Det er ikkje kriminelt. Men det er heller ikkje anstendig. Arbeidsgjevarar som skal ha ein jobb gjort, skal betale lønn. Det skal vere standarden i norsk arbeidsliv.

Frivillig arbeid er ein god norsk tradisjon. Det blir gjerne kalla dugnad. Og høyrer heime i andre sektorar!

Og i desse tilfella nyttar det heller ikkje å late som det er ein del av ei utdanning. I mange utdanningar er praksisperiodar eit viktig element. Då er det ein del av utdanningssystemet, ikkje gratisarbeid for ein arbeidsgjevar.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv