Unio-leiaren sin replikk:
Dugnad og deltid
Det er fint vi har “arbeidsgiverforeningen Spekter”. Dei veit å sette søkelyset på viktige forhold. Til dømes korleis det kan bli attraktivt å arbeide i helsesektoren. Då hentar ein fram god plussord. Dugnad er eit slikt plussord.
Publisert: 12. april 2011
Å arbeide i helsesektoren er såleis omdøypt til å vere med på dugnad. Og skal ein vere med på dugnad, må ein ikkje bruke krefter på å trene. I alle fall ikkje om du er dame. Og heller ikkje drikke kaffi. Det også er skadeleg for dugnad på heiltid, meiner visst Spekter.
Somme blir litt forundra når direktør Bratten sender slike meldingar via Dagsrevyen. Men den som blir mest forundra er direktør Bratten. Ho kan ikkje forstå at nokon kan misforstå henne. Og at sms-boksen blir overfull provar vel berre at for mange har for lite å gjere. Bratten vil jo berre det beste for dei fleste.
Tillitsvalde burde også gå på dugnad, heller enn å forhandle. I alle fall viss dei vil forhandle om betaling for arbeidstid. Det er utidig og urettferdig. Kjepphestar som gjeld arbeidstid må settast på stallen, seier Bratten i det ho selar på.
Lønnskrav er visst også noko Spekter irriterer seg over. Uansvarleg blir det gjerne kalla. Det er i alle fall uansvarleg å forhandle om rammer. Til det har vi frontfaget, meiner Spekter. Frontfaget er sjefen der i garden. Og sjefen, som antakeleg er NHO og LO, må bestemme – i alle fall på vegne av Spekter.
I fjor meinte Spekter at sjefen hadde bestemt at lønnsresultatet i industrien var 2,8 prosent. Og då skulle alle andre nøye seg med. Når det så viser seg at resultatet var 4,1 og ikkje 2,8, er også det uansvarleg.
Men så var det denne arbeidsmiljølova. Der er så vanvittig mange paragrafar og detaljar. Og det verste er jo at både tilsette og medlemmer kan finne på å gjere seg nytte av slike gammaldagse greier. Reglar om arbeidstid og vern. Slikt kan jo vere til hinder for kreative dugnadsordningar. Og vi er avhengige av slike kreative ordningar, for damene er jo både på SATS og på kafé.
Bra nokon tar ansvar. Men blir Spekter for ansvarleg – så ansvarleg at rolla som enfant terrible blir rokka ved?