Islandsk likelønn?
Island har forsterka lovverket sitt om likestilling og likelønn. Arbeidsgjevarar må dokumentere at dei følgjer prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi – uavhengig av kjønn.
Publisert: 22. januar 2018
Fleire har tatt til orde for at Noreg må sjå til Island og gjere det same. I håp om at det skal krympe likelønnsgapet, som er minst like stort her til lands som i Island.
Det er ein blindveg. Rett nok er det fornuftig å skjerpe inn krava til etterleving av likelønnsprinsippet. Men i seg sjølv vil dette i liten eller ingen grad redusere det reelle likelønngapet.
Prinsippet om lik lønn for lik verdi er forlengst innført også her til lands, men som i Island er «målestokken» den enkelte verksemda, enten det er ei bedrift eller ei kommune. Problemet er ikkje først og fremst at mannlege og kvinnelege sjukepleiarar eller kvinnelege og mannlege politifolk, lærarar eller andre har ulik lønn. I det minste er tarifflønna den same.
Lønnsgapet kjem først og fremst til synes når ein ser på arbeidslivet samla. Då er skilnaden mellom kvinner og menn både stor og bortimot konstant. Størst er gapet for gruppene med universitets- eller høgskuleutdanning. Her er skilnaden mellom kvinner og menn betydeleg: Når mennene har tent 1000 kroner, har kvinnene tent berre 800 sjølv om utdanningslengde og kompetanse er på same nivå. Det er dette som med eit tungt ord blir kalla «verdsettingsdiskriminering».
Høgre utdanning er lønnsamt for samfunnet. Men for den enkelte gir utdanning svak lønnsmessig utteljing her til lands, faktisk er vi i botnsjiktet blant OECD-landa. Det er særleg offentleg sektor som betaler dårleg for lang utdanning. Og når offentleg sektor er kvinnedominert og lågt lønna, står vi der med eit lønnsgap – som også rammar menn i offentleg sektor.
I tillegg fører dette til at det blir ekstra vanskeleg å rekruttere menn til dei kvinnedominerte utdanningsyrka i offentleg sektor. Til det er lønna for dårleg. Menn er meir «lønnssensitive» enn kvinner, som det heiter i enkelte rapportar, og går heller til betre betalte jobbar i privat sektor.
Dermed blir den kjønnsdelte arbeidsmarknaden ein vond sirkel, som mange snakkar om. Men det er ogsådet som blir gjort – å snakke. Eg er redd at «islandsk likelønn» ikkje vil hjelpe.
Då får vi heller teste ut om den «nye» regjeringa har tenkt lenger enn til orda dei skriv i regjeringsplattforma:
«Regjeringen vil fremme en strategi for å bidra til et mer likestilt utdannings- og arbeidsmarked».
Denne strategien må heite lønnsløft. Likelønnsgapet må reduserast. Då kan vi få eit meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad.