Unio-leiaren sin replikk:

Frontfagstesten

Industrifunksjonærane fekk ein lønnsvekst på 4 1/4 prosent i 2013. Snittlønna for denne gruppa er cirka 670 000 kroner. Kronetillegget i fjor var nesten det doble av det ein kommunetilsett fekk. Eller ein industriarbeidar. I finanssektoren var lønnsveksten endå kraftigare.

Publisert: 26. februar 2014

Funksjonærane får stort sett lønnstillegga sine lokalt. Altså der eigarane best kjenner situasjonen for lønnsemd og konkurransekraft for bedrifta. Det må ein i alle fall tru. Viss NHO og Norsk Industri veit kva dei snakkar om?

I fjor hevda dei at lønnsveksten – for arbeidar og funksjonær – låg an til å bli knappe 3,5 prosent. Snittet blei 4, for funksjonærane endå høgre. Om NHO bløffa eller berre bomma? Tja – eg reknar med at svaret uansett blir at det var “marknadskreftene” som pressa lønna opp. Eller var det kanskje det dei meinte med moderasjon – i fjor?

Fjorårets anslag for lønnsvekst, altså frontfaget, var i alle fall ikkje truverdig. I finanssektoren ser det ikkje ut til at dei bryr seg om frontfaget i det heile. Her førte bonusordningar og andre tillegg til ein lønnsvekst på over 6,5 prosent.

Norsk økonomi står seg bra. Men her er også mørke skyer, og det røyner på for ein del bedrifter og næringar. Dette vil og bør slå inn i tariffoppgjera. Men det skal heller ikkje vere slik at det er dei minst lønnsame bedriftene som er målestokken for lønnsevna.

Det kan nok også røyne litt på for truverdet til høglønte arbeidsgjevardirektørar som stadig krev moderasjon frå vanlege lønnstakarar, enten det gjeld varehandelen eller offentleg sektor. Dei er tydelegvis meir opptekne av å halde lønna i offentleg sektor i sjakk enn å “passe på” lønnsveksten for eigne funksjonærarar og leiarar.

Gjennom valkamp, politiske utspel og nyttårstalar har det blitt snakka høgt og tydeleg om at kunnskap, kompetanse og tryggleik skal prioriterast i politikken og prege samfunnet. Det skal satsast på kunnskap og kvalitet. Eg meiner å ha høyrt noko liknande også frå somme av moderasjonsdirektørane.

Men desse ambisjonane skal kanskje settast på vent no i april og mai – medan tariffoppgjera pågår? I alle fall – årets oppgjer blir ein (ny) test for frontfaget. Truverdig eller?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv