Unio-leiaren sin replikk:

Kursen må leggast om

Halvparten av ungdommane som droppa ut av vidaregåande opplæring i 1999/2000 stod utanfor arbeidslivet i 2008. Fråfallet er framleis urovekkande høgt – nærare halvparten av yrkesfagelevane sluttar før løpet er fullført.

Publisert: 22. desember 2011

Det manglar lærlingplassar, ikkje minst i det offentlege. Mange arbeidsgjevarar vegrar seg for å ta inn lærlingar, og skuldar tidvis på svak “kvalitet”.

Problema er slett ikkje av ny dato. I 2012 må tida vere komen for å justere kursen, særleg for yrkesopplæringa.

Det skal vere kvalitet i heile utdanningskjeda. Problema med fråfall i utdanninga er i ferd med å bli transportert inn i høgre utdanning før dei er løyste i vidaregåande.

Legg reformprestisje til sides. La ungdom som vil det få sjanse til ei praksisretta yrkes- og fagopplæring – dels i skule, dels i næringslivet. Ein må slutte å late som om det kan kvalifiserast til yrkeskompetanse og studiekompetanse samstundes. Ein gir ikkje status til yrkesfaga ved å reklamere med at yrkesfaga er vegen til ei anna utdannaing eller eit anna yrke. Lag modellar og finansieringsordningar som spelar på ein stolt yrkesfagleg tradisjon. Og så får dei som ønskjer det, etter kvart få tilbod om å kvalifisere seg til høgre utdanning.

Spagatpolitikken gagnar verken yrkesopplæringa eller høgre utdanning. Og endå verre – det påfører ungdom unødige problem.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv