Teknologi som trussel?

Globalisering, digitalisering og ny teknologi. Dette er stikkord som illustrerer tempoendringar i samfunnet og i arbeidslivet vi ikkje heilt veit konsekvensane av.

Publisert: 12. januar 2016

Det vi veit er at teknologien, og ikkje minst digitaliseringa, endrar samfunnet. Oftast gradvis, men av og til brått. Dette skaper begeistring hos somme. Men det skaper også uro hos mange – uro for at arbeidsplassar og arbeidsmåtar går tapt. Endringane i banksektoren er døme på dette. Omstillinga blei møtt med skepsis og motstand. No er det «naturleg» – vi bruker banken utan å gå dit.

Delingsøkonomien var eit hovudtema på NHO-konferansen nyleg. Også på Unio-konferansen før jul var teknologi, digitalisering og delingsøkonomi sentrale overskrifter. Eg var til stades, og oppsummert høyrde eg ein uklar – for ikkje å seie usikker – bodskap: Dette kjem, men kva så?

Det første kravet må vere at desse tenestene er lovlege, og at det blir betalt skatt. Akkurat no går debatten om taxiselskapet, Uber. Enten må slike selskap tilpasse seg, eller så må lovverket justerast. Så enkelt, men også så vanskeleg. Mellom anna fordi her handlar det om globale selskap. Norske reguleringar strekker ikkje utan vidare til.

I møtet med delingsøkonomien står fagrørsla overfor fleire dilemma: Tradisjonen vår blir utfordra: Både det organiserte arbeidslivet, slik vi kjenner det: faste tilsettingar og tariffavtalar: Sjølv om dette først og fremst handlar om privat tenesteyting, vil også resten av nærings- og arbeidslivet – også offentleg sektor – merke endringane .

Korleis sikre anstendige arbeidsvilkår. Kva med det sosiale sikringsnettet? Og korleis syte for at det blir betalt skatt? Løysinga må, her so elles finne si løysinga i spenninga mellom marknad og konkurranse på den eine sida, og politikk og regulering på den andre.

Somme tolkar det heile som ein trend: det gamle industrisamfunnet taper terreng, og kunnskapssamfunnet pressar fram nye strukturar. Det som er ei kjensgjerning er at vi står overfor sterke drivkrefter for endring. Vi har sett at produkt og løysingar endar i fiasko. Men ein fiasko stoppar ikkje utviklinga.

Det er ikkje opplagt at det som no blir kalla delingsøkonomien blir ein moderne suksess. Derimot er det sikkert at teknologi og digitalisering for lengst er ein suksess, som i aukande gradvil prege både samfunnet og arbeidslivet.

Mykje er usikkert. Men optimisten i meg ser fleire og grønare arbeidsplassar. På det området trengst i alle fall tempo. Det er stillstand som er trusselen.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv