Unio-leiaren sin replikk:

Streik: Utdanning må lønne seg

Unio er i streik i heile kommunal sektor. KS og Oslo kommune er meir lojale mot frontfagsprognosane enn mot eigne innbyggarar og mot eigne tilsette med høgre utdanning. Dermed måtte det ende i streik, trass i iherdig mekling på overtid.

Publisert: 31. mai 2021

Kommunesektoren manglar viktig personell. Det innser kommunane i store delar av året. Men når tariffoppgjeret kjem, og dei kan gjere noko med det, prøver dei ikkje ein gong. Det er umogleg for oss å kome Unio i møte, meiner KS. I tillegg viser dei til at Unios medlemmer, særleg i skuleverket, er blant dei høgast lønte i kommunesektoren. Å rekruttere og behalde høgt utdanna personell står tydelegvis ikkje høgt på dagsordenen hos KS. Ikkje underleg at det er dei tilsette sjølve som må ty til kampmiddel i håp om å styrke rekrutteringa. Dette er pinleg for norske kommunar.

I lønnsoppgjera er det mest fokus på lønnsutvikling. Men medlemmene er minst like opptekne av lønnsnivå. Det har dei all grunn til. Det lønner seg dårleg å ta lang utdanning her til lands, særleg i offentleg sektor. Og aller dårlegast står det til i kommunal sektor. Lønnsgapet til grupper med tilsvarande utdanning i privat sektor er på om lag 150 -200 000 kroner i året. Tala finst i TBU sine rapportar. Men arbeidsgjevarane i kommunal sektor likar dårleg å snakke om dette. Når både lønnsutvikling og lønnsnivå er for dårleg, blir kommunesektoren ein mindre attraktiv arbeidsplass for grupper med høgre utdanning. Difor manglar fagfolk. Difor er Unio i streik! Utdanning må lønne seg betre i kommunal sektor!

Storparten av dei streikande er lærarar. Difor får dei mest merksemd i media. Samtidig er sjukepleiarane høgt profilerte, både fordi dei er mange og fordi mangelen er ekstra stor. Men alle Unio-forbund med medlemmer i kommunesektoren er i streik, og gjer ein kjempeinnsats for fellesskapet.

Streik er kamp mot arbeidsgjevar. Samstundes er det ikkje til å unngå at streik også rammar tredjepart. Men vi gjer det vi kan for å hindre urimelege konsekvensar for innbyggarane, og framfor alt vernar vi liv og helse og ekstra utsette grupper. Men framfor alt takkar vi for all den støtte dei streikande har fått.

Streiken har fått omfattande mediedekking, også støtte på leiarplass. Men vi er godt vande med at streik, særleg i det offentlege blir kritisert; særleg i «borgarpressa». Det spesielle denne gongen er at det er A-media med redaktør Kjell Werner i spissen som angrip Unio-streiken. «Det er uheldig at Unio nå spiller solo», hevdar Werner. Han meiner tydelegvis at det er usolidarisk å velje annleis enn LO. Redaktøren hans var også kritisk til at mange heia på sjukepleiarane og lærarane ved inngangen til forhandlingane. I tillegg prøver han å gjere det til eit argument mot streiken at Unio i årevis har «nytt godt av det organiserte arbeidslivet.»

Unio er faktisk del av det organiserte arbeidslivet. Våre grupper er til og med blant dei som har aller høgast organisasjonsgrad her til lands. Difor har vi også styrke til å ta ein rettmessig streik.

 

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv