Unio-leiaren sin replikk:

«Pensjonsbekymringar»

Statsråd Robert Erikson har tatt initiativ til ein ny gjennomgang av offentleg tenestepensjon. Dagens avtale er frå 2009. Partane skal først drøfte eit mandat for ei utgreiing i regi av arbeidsdepartementet. Så er det å håpe at dette vil legge eit konstruktivt grunnlag for eventuelle forhandlingar i 2016. Det ligg i korta at det kan bli tautrekking om ei så viktig sak.

Publisert: 26. mai 2015

Det er mange meiningar om offentleg tenestepensjon. Og det er fasinerande å sjå på taktomslaget frå politikarar og arbeidsgjevarar. Lenge var kritikken at offentleg tilsette hadde lurt seg unna heile pensjonsreforma. Pensjonskostandane var for høge, og mobiliteten mellom offentleg og privat sektor blei hindra. Noer dei visstmest”bekymra” over at gullpensjonen skal”ramme” arbeidstakarane. Dei må nemleg arbeide noko lenger for å kompensere for innstrammingane fleirtalet på Stortinget har vedtatt! Som om det er noko nytt!

Desse bekymringane skal vi lagre til eventuelle forhandlingar startar. Så får vi sjå om det er forbetringar dei i praksis vil ha. I så fall bør det bli eit bra resultat. For Unio er det nettopp dette det handlar om: gode og sikre pensjonsordningar når yrkeslivet er over. Og gjerne betre vilkår for å kompensere for levealdersjusteringa.

Lenge var kritikken at offentleg tilsette hadde lurt seg unna heile pensjonsreforma. No er dei visst mest ”bekymra” over at gullpensjonen skal ”ramme” arbeidstakarane.

Eg ser at også Aftenposten i leiarkommentaren sin 25.mai er inn på at ”gulrota” blei forhandla vekk i 2009. Avisa sin leiarskribent har i alle fall ikkje sett på saka med vidvinkel.

Dåfår ein kanskje ikkje med segat eit pensjonssystem skal fungere godt i begge endar. Det er vel så viktig å syte for anstendige vilkår for dei som treng ein trygg tidlegpensjon, som å syte for tilleggsytingar for dei som vil og kan stå i arbeid langt ut i 60 åra, og inn i 70 åra.

Difor er ein anstendig afp-ordning eit like viktig krav for Unio, no som det vari 2009.

Angrepa på offentleg tenestepensjon etter 2009 har i stor grad vore prega av irritasjonover at offentleg sektor erein garantert ytingspensjon, basert på sluttlønnsprinsippet. Ordninga byggjer på at du får 66 prosent av sluttlønna som pensjon livet ut, dersom du har full opptening, 30 år.I den samanheng er det på sin plass å minne om at høgre utdanning er nesten det einaste du kan drive med i vaksen alder som ikkje gir pensjonsopptening. Ein stadig større del av dei tilsette i offentleg sektor har høgre utdanning. Fleirtalet er dessutan kvinner. Kanskje ikkje så underleg at mange ser med uro på eit reindyrka alleårssystem.

Høgre utdanning er nesten det einaste du kan drive med i vaksen alder som ikkje gir pensjonsopptening.

Når det er sagt – det er svake sider ved dagens regelverk for offentleg tenestepensjon. Grunnlovsvernet for opptent pensjonfør2011, er framleis uavklart. Det er mindre rom for å kombinere pensjon og arbeid enn i privat sektor, og etter forhandlinganeinnførte den forrige regjeringa kompliserte og hemmande reglar for dei som vil stå lenger, eller kombinere arbeid og pensjon etter fyllte 67 år. I tillegg kjem særaldersgrenser, som også skal kombinerast med god pensjon. Svake sider bør sjølvsagt forbetrast.

Men pass på: Målet med pensjonsreforma var å bremse pensjonskostnadane. Så får vi sjå om det er kostander eller forbetringar som kjem til å ”bekymre” motpartane mest – når den tid kjem.God pensjon!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv