Unio-leiaren sin replikk:
«Heildagsskulen»
Det er blitt temperatur i debatten om den såkalla heildagsskulen. Eg høyrde nyleg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell på politisk kvarter: Frontane var steile, og debattgrunnlaget sprikande. Argumenta like eins. Uavgjort!
Publisert: 24. august 2015
Det er usemje om heildagsskule er ein god idé. SV slit med å forklare kva som skal vere innhaldet, og korleis tilbodet skal organiserast. Det er opplagt at med heildagsskule skal barna vere lengre på ein offentleg institusjon. Denne skal visstnok framleis heite skule. Og det er også uklart kvifor Høgre er imot, viss ambisjonen er at barn skal lære meir.
Skuledagen for barn – særleg for dei yngste – kjem til på bli utvida. Endringar i samfunnet og i arbeidslivet drar tydeleg i den retninga. Det bør Høgre innsjå. Viss ikkje, får vi ei ny skulereform med Høgre som brems eller parkert på utsida. Eit blikk i spegelen bør vere nok til at Høgre ikkje kopierer tidlegare bremsestrategiar.
Dessutan er det nødvendig at andre enn SV set sitt preg på ei slik reform. Når prioritet ein er at barna skal sleppe å gjere lekser, minner det om SVs skulepolitikk på 90-talet. Då var SV alt anna enn eit kunnskapsparti. Det er slett ikkje opplagt at ein leksefri heildagsskule utjamnar sosiale skilnader. Smågutar og småjenter spelar og trenar fotball utanfor fellestreningane. Ingen retningsliner mot topping av lag hindrar det, snarare tvert imot. Og somme presterer betre enn andre.
I dag er kvaliteten på SFO så varierande og usikker at tilbodet verken er ein garantist for læring, eller for at begge foreldra trygt kan delta for fullt i arbeidslivet. Mangel på gode heildagstilbod for barn er difor ei hindring for fulltidsarbeid for begge foreldra. Og dermed for likestilling.
Når det er sagt: I debatten om heildagsskule eller andre tilbod for barna, må omsynet nettopp til barna kome først. Og konsekvensar, kanskje omkostningar, ved ein meir og meir institusjonalisert, styrt og urbanisert oppvekst må vege tyngst. Ikkje omsynet til arbeidslivet. Det er i dette spenningsfeltet dei krevjande vurderingane og utgreiingane må gjerast.
Utdanningsforbundet og mange lærarar er skeptiske til ei ny skulereform. Det er lett å forstå. Erfaringa er at slike reformer er underfinansierte, mål og innhald er prega av uklare politiske kompromiss, og lærarane blir ståande i krysspresset mellom forventningar og realitetar.
Då det blei innført skulestart for seksåringar, blei reforma marknadsført både som ei familiereform, ei kulturreform og ei arbeidslivsreform. Og litt som ei skulereform. Men det blei åtvara sterkt mot å la den nye førsteklassen bli for “skolsk”. Skule måtte det ikkje vere. Det blei til og med åtvara mot å begynne leseopplæring for tidleg.
Ein viktig grunn til å utvide skuledagen er å gi rom for fysisk aktivitet for alle. Det har SV rett i. Men ikkje først og fremst fordi barna dermed lettare lærer å lese, å skrive og å rekne. Men fordi fysisk aktivitet er viktig for barns utvikling – motorisk, mentalt og sosialt. Og det er viktig for folkehelsa og for samfunnet.
Viss dette skal skje i offentleg regi og vere obligatorisk, må det ha ein fagleg profil – der ein kombinerer fri leik med fornuftig øving og kontinuitet. Dette krev godt kvalifisert personell.
Eg er for utvida skuledag. Men ikkje ein lågpris-heildagsskule med uklart innhald, der det viktigaste er å unngå lekser.
Ein bør skunde seg langsamt. SV sitt forslag om prøveprosjekt i ein del kommunar er fornuftig. Og når Høgre opprettar “realfagskommunar” må kunnskapspartiet kunne vere med på “heildagsskulekommunar”.
Utvida skuledag med kvalitetskrav, som del av den obligatoriske skulen, vil koste. Det vil koste mykje. Men i eit generasjonsperspektiv vil det også balansere satsinga på barn og unge og satsinga på “eldrebølga”.
Store og nye satsingar bør helst bygge på ein solid politisk plattform – kompromiss og størst mogeleg politisk oppslutnad. Barnehagereforma var bra og nødvendig, men var både kjapp og underfinansiert. Det blei meir kvantitet enn kvalitet, og kommunane overlot for mykje til private.
Difor:
- klargjer nasjonale mål, innhald og krav til organisering
- køyr i gang fullfinansierte prøveprosjekt, i første omgang i minst 30 kommunar
- still klare faglege krav til personalet, og viss dei ikkje kan innfriast, blir ikkje prøveprosjektet iverksett
- tilbodet skal ikkje konkurrere med / fortrenge anna kunnskapssatsing i grunnskulen
- regjeringa bør i starten av 2016 opprette eit offentleg utval som får i oppdrag å utgreie grunnlag og føresetnader (og kostnader) ved heildagsskule / utvida skuledag. Barn og ungdoms læring og trivsel skal prege mandatet.
Basert på erfaringar, kunnskap, evaluering og høyringar må ein vere open for at heildagsskulen ikkje blir sett ut i livet, slik først tenkt.
Men først må ein kome i gang: Å tråkke på gassen og bremsa samstundes gir dårleg styrefart