Unio-leiaren sin replikk:

Uanstendig bonusbonanza

Medan Unio-medlemmer streika og kjempa for anstendige lønnsvilkår, blei det gjort klart for uanstendige sjefsbonusar i millionklassen i det statsberga Norwegian. Attpåtil var det ein sparka toppsjef som blei belønna med 11 millionar for «godt arbeid», må vi tru.

Publisert: 5. juli 2021

Her det noko som ikkje rimar, mildt sagt. Når høgt utdanna, men lågt lønte, offentlege tilsette må ty til streik, blir dei stoppa av regjeringa og av systemet. Når det gjeld næringslivet, eller i alle fall deler av næringslivet, opptrer regjeringa annleis og systemet er garantert annleis. Regjeringa er forundra, men kan visst lite gjere. Dei støtta eit kriseramma flyselskap i von om å berge arbeidsplassar, men «gløymde» å stille krav om anstendig framferd til eigarane.

Ekstra provoserande blir det når det blir argumentert med at 30 millionar er relativt lite i høve til dei verdiane som har stått på spel. Det er bra at arbeidsplassar i Norwegian ser ut til å vere berga. Det er liten grunn til å tvile på at det ligg mykje arbeid bak. Men det får vere måte på. Selskapet må følgjast med argusauge. Også tidlegare har vi sett døme på lettvint omgang med spelereglar i arbeidslivet.

Det er ikkje berre Norwegian som har fått statsstøtte, og gjort det bra. Om lag halvparten av bedriftene som har fått koronastøtte, har levert betre resultat i koronaperioden enn før pandemien slo til for fullt. Det er nok mange og ulike grunnar til dette. Sjølvsagt er det bra med levedyktige bedrifter og sikre arbeidsplassar. Men det er likevel grunn til å spørje om ikkje regjeringa, og i endå større grad opposisjonen, tok vel mykje Møllers tran då dei mange og ulike krisepakkane blei vedtekne. I alle fall burde kriteria ha vore klarare og strengare. Pengane sat laust på Stortinget ei periode. Dessutan er det skilnad på å berge arbeidsplassar og å legge til rette for overskot for bedrifter og eigarar. Her har regjeringa rett og slett vore naiv. Eller har dei gløymt korleis pengemakta kan te seg?

Pengane sat slett ikkje laust i tariffoppgjera. Unio gjekk til streik i fleire tariffområde. Streikane blei stoppa. Misnøya med lønnsnivået lever vidare, og rekrutteringsproblema er uløyste. Rikslønnsnemnda og frivillig nemnd i sjukehusa er neste stopp. Så kjem det eit hovudtariffoppgjer i 2022.

God sommar!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv