Lønn – som «norrmalt»

Mange hugsar sikkert Leif Justers lett hysteriske revytekst «Mot norrmalt». Han harselerte med vêrmeldinga, og andre statistiske meldingar. Om temperatursvingingar, og om at «det i år har vært 402 branner mot normalt 408». Skal vi tenne på seks branner til for å få det som «norrmalt», spurde Juster.

Publisert: 19. september 2018

Snart kjem neste års statsbudsjett. Her blir det nok som vanleg formaningar om lønnsmoderasjon. For arbeidstakarar flest. Og heiaropa vil kome frå arbeidsgjevarar og forståsegpåarar.

Kanskje vi skulle ha hatt ein Juster for å seie tilbake til «norrmalt» om lønnsveksten. Det er på tide å kome inni eit spor med høgre lønnsvekst enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Vi skal tilbake til det normale.

Etter årtusenskiftet hadde vi fleire år med historisk høg reallønnsvekst. Etter oljeprisfallet i 2014 har reallønnsveksten vore historisk låg. Eitt år var det reallønnsnedgang for dei aller fleste.
No bør det bli andre tider. SSB meiner at Norge no går inn i ein periode med god økonomisk vekst. I næringslivet er det optimisme og arbeidsløysa går ned.

Likevel tilseier høg prisvekst at det også i 2018 ligg an til svak eller til og med ingen reallønnsvekst. Men så skal det endre seg. SSB sine anslag tilseier ein lønnsvekst som nærmar seg 4 prosent dei komande åra, og at reallønnsveksten etter kvart kjem tilbake til normalen, og vel så det.

Skal dette skje, må partane i arbeidslivet vere ansvarlege. Det inneber at arbeidstakarane skal ha sin del av verdiskapinga. Det tilseier klart høgre lønnsvekst enn det som har vore situasjonen dei siste åra.

Det er på tide å friskmelde lønnsdanninga.

Unio har slett ikkje alltid vore fornøgd med måten frontfaget – lønnsdanninga i konkurranseutsett industri – har vore praktisert. Og vi kjem til å følgje frontfaget med ekstra skarpt blikk i tida som kjem.

Skal frontfaget ha eit visst truverd, må partane her syte for at den lønnspolitiske unntakstilstanden vi har hatt dei siste åra blir avlyst.

Men det ansvaret ligg også hos partane i dei andre tariffområda. Fri forhandlingar er forhandlingar både om ramma og om fordelinga.

Arbeidstakarane skal ha sin del av kaka i dei komande oppgjera.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv