Ein bussjåfør, ein bussjåfør
– Det er ein mann med godt humør. Strofene har i generasjonar ljoma og markert godt humør gjennom mange klasseturar. Til og med dersom sjåføren ein hende gong var kvinne.
Publisert: 5. januar 2017
Kanskje medverka slike minne til ekstra godt humør under statsministerens nyttårstale. Blant dei personane Erna Solberg trekte fram var Aisha Ali Mohammed. Ho er den første somaliske kvinna, trebarnsmor, som arbeider som bussjåfør i Oslo. Ho har møtt motstand og kritikk frå fleire hald – frå muslimske miljø, som ikkje likar at ho går i bukser og gjer mannsarbeid, og frå norske passasjerar som mislikar at ho køyrer med hijab.
Ho er eit forbilde, sa statsministeren, og viste til at Aisha smiler tilbake, sjølv om ukvemsord haglar. Ho representerer jo selskapet, der ho er tilsett. Difor, viss du er så heldig å få køyre med Aisha, gi ho ditt beste smil, oppmoda statsministeren. Og repeterte sitt eige nyord: kvardagsintegrering.
Dei fleste av oss har godt av både påminningar og oppmodingar. Vi har alle ansvar for kvardagsintergreringa. Men somme har meir ansvar enn andre.
Difor bør statsministeren kalle inn somme av statsrådane sine til ekstratimar. Det kan tyde på at både justisministeren og innvandringsministeren treng støttetimar for å kome på høgde med pensum. Enten det gjeld likestilling, integrering, klima eller kulturkunnskap.
Viss ikkje det skjer forbetringar, vil regjeringa risikere å plassere seg godt under ”gjennomsnittsnivået” for forventa faglege prestasjonar.
Det er somme av statsrådane som har ein god del å lære av sjefen sin, både når det gjeld kunnskapar og haldningar. Men læraren har sjølv eit stort ansvar – den avgjerande faktoren for vellukka undervisning.