Unio-leiaren sin replikk:

Rikslønnsnemnda: har arbeidsgjevar alltid rett?

I ein artikkel i Klassekampen 11.2.22 går det fram at arbeidsgjevarsida nesten alltid får medhald i rikslønnsnemnda. Arbeidsgjevar har vunne fram 18 av 19 gonger dei siste åra. Dette er ikkje nytt. Tvert imot det er ein del av ein tradisjon og det er ein del av eit system. Forhandlingssystemet er fullt av disiplinerande verkemiddel, særleg overfor organisasjonar i offentleg sektor.

Publisert: 13. februar 2023

Det har rett nok hendt at arbeidstakarane har vunne fram. Rett nok ikkje fullt ut, som arbeidsgjevarane oftast gjer, men det finst døme på delsigrar. I 1992 fekk hjelpepleiarane ei lita påplussing. Det same gjorde sjukepleiarane i 1998. Begge gongane var det etter konfliktar i kommunesektoren.

No er lærarkonflikten til behandling i Rikslønnsnemnda etter at streiken blei tvangsavslutta i september 2022. At det tar eit halvt år før avgjerda kjem, vitnar i seg sjølv om eit dysfunksjonelt system.

Rikslønnsnemnda er ein gammal institusjon. Allereie i 1915 då arbeidstvistlova første gong blei vedtatt, var det diskusjonar om ei valdgiftsordning. Men det var først i 1952 at ordninga med ei Rikslønnsnemnd blei formalisert. Nemnda si oppgåve er å «løyse» ein strid mellom to eller fleire partar. I praksis inneber det å fastsette ein ny tariffavtale gjennom ein dom – ein kjennelse.

Nemnda har tre nøytrale medlemmer. I tillegg har LO og NHO kvart sitt medlem i alle saker, rett nok utan stemmerett. I tillegg har dei aktuelle tvistepartane sine medlemmer. Unio meiner det er både feil og urimeleg at NHO og LO skal delta i alle saker, sjølv om dei ikkje er partar i tvisten. Dette er restar etter ein gammal og dårleg tradisjon det må bli slutt på!

I boka Det kollektive arbeidslivet seier forfattarane det rett ut: «Tvungen voldgift eller lønnsnemnd har i likhet med megling vært en viktig faktor for å sikre disiplin og innordning i tariffrevisjonen».

Det finst ikkje klare reglar for Rikslønnsnemnda sitt arbeid. Nemnda skal i prinsippet gjere vedtak innafor rammene av partane sine påstandar. Men praksis er altså at arbeidsgjevar får rett. Det er likevel ikkje uvanleg at nemnda kan vise ei viss forståing, til og med sympati for arbeidstakarane sine argument. Men som regel slår «frontfagslogikken» inn, særleg når det er konflikt i offentleg sektor. Enkelt sagt inneber det at ingen skal få meir enn frontfagsresultatet. Den same logikken pregar som regel også meklinga.

Det er til og med solid praksis for at Rikslønnsnemnda bestemmer at den nye tariffavtalen skal gjelde frå det tidspunktet streiken blir avslutta. Bodskapen er at arbeidstakarane sjølvsagt skal tape på å streike! Det er ein del av disiplineringa.

Norske styresmakter har relativt ofte fått kritikk frå ILO – FNs internasjonale arbeidsorganisasjon – for å gripe inn med tvungen lønnsnemnd i strid med internasjonale konvensjonar. Den kritikken har ikkje blitt tatt særleg alvorleg.

Det norske forhandlingssystemet er strengt regulert. Av den grunn trengst også ei ordning som kan handtere stridar der partane ikkje sjølve kjem fram til løysing. Det er likevel sider ved dagens ordning som treng endring. Det er all grunn til å kaste NHO og LO ut av Rikslønnsnemnda når dei ikkje er partar i tvisten. Det er også god grunn til å sjå kritisk på nemnda si praksis med stadig å gi sigeren til arbeidsgjevarane. Årsakene til dette må fram i lyset.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv