Unio-leiaren sin replikk:
Sprikande budsjett
Når vi høyrer på dei fire budsjettpartia, skulle ein nesten tru at landet har fått fire statsbudsjett. Det er ikkje berre forklaringa på plastposeavgifta som spriker. Men slik denne prosessen har vore, er det ikkje underleg at profileringa også blir sprikande.
Publisert: 24. november 2014
Tre forhold er klare:
1. Budsjettframlegget – og og den påfølgjande debatten, har vore ein kontinuerleg nedtur for regjeringa.
2. Hovudretninga står fast, også etter forhandlingane.
3. Venstre og KRF har fått til klare forbetringar på viktige punkt i budsjettet.
Regjeringa har fått seg ein kraftg lærepenge. Dei lange forhandlingane har vore ei form for straffelekse. Ikkje den beste pedagogikken, men det måtte tydeleggvis til. Å gi formidable skattekutt til dei rikaste, og samstundes stramme til for dei fattige, var politisk harakiri.
No er skattekuttet noko moderert, men det viktigaste var at barnetilleget for uføre blei ført tilbake til eit anstendig nivå, og det blei ei fornuftig løysing. Bra jobba av mellompartia.
Det er fornuftig å stimulere til nyskaping og arbeidsplassar. Det blir endå viktigare i framtida. Men då hjelper det lite å støtte slike som Stein Erik Hagen, som no sutrar og trugar med å flytte meir av pengane sine ut av landet. Den reaksjonen bør også vere ein lærepenge for statsministeren og finansministeren.
Snart får vi innstillinga frå utvalet som skal vurdere selskapsskatten og andre skatteformer. I kjølvatnet av den innstillinga bør det vere muleg å finne samlande løysingar, også gjennom skattetiltak, som kan styrke nyskaping, norske bedrifter og arbeidsplassar.
Utdanning og forsking kjem styrka ut av budsjettprosessen. Det er bra. Samla sett har også politi- og lensmannsetaten fått betre vilkår. Klima- og miljøpolitikken er i svak framgang.
Helseområdet og kommunesektoren vil nok slite i spenninga mellom behov og budsjett, også etter forliket.
Ei opinionsundersøking sist helg viste at eit klart mindretal (13 pst) meinte at budsjettet ville innebere at dei fekk det betre. Men den største gruppa (45 pst) meinte at budsjettet ikkje ville bety så mykje til eller frå: Det meste vil vere om lag som før.
Som vel er ein grei illustrasjon på at Norge står seg godt, at den politiske kløfta er ikkje enorm, men også at kvardagen for dei fleste er ganske bra.
Så får vi sjå om 2,50 for ein plastpose fører til mindre poseforbruk, eller om vi kjem tll subsidiere budsjettet med ein milliard eller så. Her bestemmer folket, i alle fall i denne budsjettperioden.