Unio-leiaren sin replikk:
Flaggar IT-bransjen ut?
I eit oppslag i Aftenposten (25.10.15) fortel ein DnB-direktør om korleis storbanken har gjennomført eit storstilt og vellukka IT-prosjekt. Verkemidla har vore stram styring og utflagging.
Publisert: 2. november 2015
Stram styring høyrer nok til. Men i artikkelen blir utflagging nærast framstilt som ei naturlov for å lukkast. Er det verkeleg slik?
Derimot har vi sett altfor mange døme på overdriven og ukontrollert konsulentbruk. I den same artikkelen blir Nav peika på som eit eksempel på norsk “fiasko”-strategi:
Dyre konsulentar som jobbar på timebasis, og som får for frie tøylar sjølv om framdrifta er svak. Dessutan får same firma stadig fornya kontraktar – dei har blitt kjent med bedrifta, det verkar trygt for bedriftsleiinga og IT-firmaet kan spele på dette.
Viss dette er vanleg bransjestrategi, vil IT-bransjen det lange løp svekkje eigen posisjon.
Konsekvensen er at norske arbeidsplassar går tapt, slik DNB-opplegget illustrerer. Når IT-bedriftene prisar seg ut, blir kompetansen ytterlegare svekt. Dette er ei form for kompetansedumping som svekkjer både sysselsetting og grunnlag for omstilling. Og i neste omgang blir utflagging normalt og ”nødvendig”.
At bedrifter med statleg eigarskap, som DNB og Statoil, går i front her er eit tankekors. Mildt sagt.
Kanskje er det somme av desse mekanismane – utflagging, kompetansedumping og overdriven konsulentbruk – som har hemma utviklinga av ein nasjonal IT-strategi for offentleg sektor? Og at koplinga mellom utdanningsinstitusjonar for fagfeltet og nærings- og arbeidsliv er for svakt?
Fleire regjeringar har vedtatt nasjonale strategiar og tiltak. Og det finst døme på gode resultat. Timar er til dømes spart både for personar, etatar og bedrifter som følgje av nye skatteetatens nye former for sjølvmelding.
Eitt verkar sikkert: Skal det utviklast nasjonale strategiar, er det ein dårleg idé å flagge kompetanse ut. Den må finnast nasjonalt.