Unio-leiaren sin replikk:

Flåsete av NHO

NHO har endå ein gong vist at dei ikkje forstår kor viktig ein god offentleg sektor er for den samla verdiskapinga i Norge. Ifølgje NHO skal offentleg sektor effektiviserast, omstillast og sentraliserast. Ikkje nok med det. Offentleg sektor skal bli mindre. Meir av offentleg sektor skal privatiserast!

Publisert: 7. september 2020

Gjennom å privatisere fellesfinansierte offentlege arbeidsplassar, til dømes i helsesektoren, skal det skapast jobb til fleire i privat sektor. Dette illustrerer at NHO sitt vegkart – «Neste trekk» – er utdatert allereie før det blir presentert. NHO innbiller seg framleis at når arbeid er organisert i privat sektor er det verdiskaping, men når arbeidet skjer i offentleg regi er det ei byrde for privat sektor. Dette er flåsete. Det er gammaldags.

Det verkar som om NHO ikkje forstår kva som er rolla til offentleg sektor, og kva som skal til for at vi framleis kan ha ein trygg velferdsstat. Ikkje minst burde pandemien ha lært NHO litt om kor viktig ein kompetent offentleg sektor er for at store delar av næringslivet trass alt har greidd å halde hjula i gang. Eller trur NHO at eit fullprivatisert helsevesen hadde greidd jobben betre? Det er nok av land å hente lærdom frå i så måte, dersom NHO ikkje vil ta innover seg korleis det fungerer her til lands.

Dette vegkartet viser endå tydelegare enn før NHO sitt janusansikt i høve til staten og det offentlege. På den eine sida skal staten halde seg på passe avstand frå privat sektor. Det blir gjerna kalle «føreseielege rammevilkår». På den andre sida skal staten trå til med støttetiltak når næringslivet treng det, eller rettare sagt, ber om det. Her har næringslivet vore svært så pågåande under koronakrisa. Ikkje alt har vore like godt grunngjeve. Men mykje har vore nødvendig.

For å skape framtidas arbeidsplassar, 250 000 dei komande 10 åra, krev NHO først og fremst at meir skattelette skal vere det politiske bidraget. Dette kan vel ikkje kallast eit nytt trekk. Snarare er det å gjenta gammalt nytt.

NHO vil styrke det organiserte arbeidslivet. Fleire tilsette og fleire bedrifter skal organisere seg. Det er bra. Men også her kjem NHOs schizofreni til synes: Dei vil samstundes at fleire skal kunne tilsettast i mellombelse stillingar!

NHO vil ha ned dei offentlege utgiftene. Dei vil «gjennomgå» velferdsordningane. Dette tyder på at «neste trekk» er betre vilkår for næringslivet og eigarane der, men strammare tider for arbeidstakarar og folk flest.

NHO har fått beisk kritikk frå fleire hald for synet sitt på offentleg sektor. Då har NHO-sjefen svart at han ikkje meinte det han sa eller skreiv. Heller ikkje det styrker truverdet til NHO sitt neste trekk. Dessverre, må eg seie. For i vegkartet finst det også gode og nødvendige ambisjonar det er lett å støtte. Fleire grøne arbeidsplassar, digitalisering og internasjonalt samarbeid er mål dei fleste kan stille seg bak.

Eg har ved fleire høve tatt til orde for eit betre og meir systematisk samspel mellom offentleg og privat sektor. NHO sitt svar er ikkje av det konstruktive slaget.

Og når NHO-sjef Almlid seier at NHO sitt vegkart er «partiprogrammet over alle partiprogrammer», må eg berre seie: Ikkje stem på NHO!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv