Unio-leiaren sin replikk:

Industrien forventar forkøyrsrett

Til alle tider har eg og dei fleste i min generasjon fått høyre kor viktig industrien er for landet. Lærebøkene fortalde om korleis fossefalla la grunnlag for industriutbygging og vekst. Skuggesidene i form av naturskade og helseplager på dei store industristadane høyrde vi mindre om. Seinare kom olje- og gassnæringa, og blei hovudmotoren i norsk økonomi. Vi må heie på industrien – stort sett. Men til tider opptrer industrien sine folk med litt for høg sjølvtillit.

Publisert: 15. januar 2024

Stadig vekk høyrer vi frå industrihald at det er der verdiskapinga skjer. Framstillinga er at industrien skaffar inntekter, medan andre bruker. Dett er eit forelda syn på økonomi og verdiskaping. Sjølvsagt er eksportindustrien særleg viktig med tanke på inntekter til landet. Olje- og gassnæringa har vore unik i så måte.

Vi lever av «hverandres arbeid», sa ein tidlegare statsminister. Verdiskapinga ligg altså i mange og ulike former for arbeid og arbeidsplassar. Folk flest arbeider ikkje i industrien. Om lag 220 000, altså om lag sju prosent av dei sysselsette, arbeider i industrinæringa. Nesten fire gonger så mange arbeider innan helse- og utdanningssektoren. Den største veksten har kome i ulike tenesteytande næringar. Difor har administrerande direktør i Virke, Bernt G. Apeland, eit poeng når han er kritisk til at «de store pengene og de store honnørordene fortsatt går til industrien» (Aftenposten 10.1.24).

I det same avisoppslaget går det fram at statsminister Støre plasserer industrien i ei særstilling i arbeids- og næringslivet som ein «driver for «modernisering og utvikling av samfunnet vårt». Statsministeren viser til «det grøne skiftet», eit honnørord som flaug i lufta under NHOs årskonferanse. Slike vurderingar frå statsministeren gir sjølvsagt ekstra vind i segla for industrialliansen – NHO/LO. Sjølvtilliten er stor. Det såg vi ikkje minst då regjeringa og stortingsfleirtalet blei overtalt til å vedta ein svært raus oljeskattepakke, som ikkje akkurat var grønfarga. Difor er det kanskje ikkje så rart at industrien sine folk forventar ein allmenn forkøyrsrett. Dei vil jo også bestemme lønna for alle andre gjennom frontfaget.

NHO er ein sterk og kompetent organisasjon. Det er det ingen tvil om. NHO-konferansen er eit årleg arrangement i toppklassen, ofte med eit imponerande innhald og stram regi. Sjølvsagt er det også ein arena for politisk påverknad. Det er legitimt. Ambisjonane er store. Av og til blir NHO-ambisjonane for store. Det blei verkeleg avdekka då direktørar i NHO og Norsk Industri greip inn og ville overstyre tidlegare rektor ved NTNU. Direktørane likte dårleg at eit par NTNU-forskarar kritiserte ein rapport Norsk Industri hadde bestilt frå eit anna fagmiljø, og bad rektoren ta affære. Ho så gjorde, og tabba seg ut. Det enda med at NTNU no må skaffe seg ny rektor.

Opplegget frå Norsk Industri si side var kanskje etter lobbyboka. Men skandalen var openberr då korrespondansen mellom aktørane blei avslørt, m.a. i Khrono. Rektoren måtte gå. Men etter ei lita stund i skammekroken, går industridirektøren visst nok vidare.

Det er nesten ikkje til å tru, nærast eventyrleg, når det blir synleggjort kor sjølvsagt det verkar for industritoppar at dei kan intervenere i styringa av eit universitet. Sjølvtilliten er altså så stor at dei til og med vil innskrenke akademisk fridom og faglege ytringar. Industri er viktig, men har ikkje forkøyrsrett over alt.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv