Unio-leiaren sin replikk:
Bruk stemmeretten
Det er innspurt i valkampen. Vi merkar det på mange måtar. Utspel og feite lovnader kjem på rekkje og rad. Meiningsmålingane florerer, og spriker. Media presenterer karakterbøker og prognosar. Partistrategane er på vakt døgnet rundt. Partia mobiliserer. Hovudmotstandarane er Erna og Jonas eller Trygve og Sylvi. Men ingen av dei er på val.
Publisert: 4. september 2023
Det er personar som skal vere tillitsvalde for oss i kommunestyra og i fylkestinga som skal veljast. Utan desse, som fortener å bli kalla demokratiheltar, ville vi ikkje hatt eit folkestyre.
Som partipolitisk uavhengig organisasjon gir ikkje Unio råd til medlemmene om kven dei skal røyste på. Det vil medlemmene sjølve avgjere! Difor rykker vi heller ikkje inn «valannonsar».
Men sjølvsagt er valet viktig. Ekstra viktig er det for medlemmer som er tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Samtidig er vi alle innbyggarar i kommunar og fylkeskommunar. Kva dei lokale politikarane bestemmer og prioriterer slår direkte inn i kvardagen for folk flest.
I val gir vi makt til politiske representantar som bestemmer og gjer vedtak på våre vegne. Heldigvis er mange villige til å representere folket. Til årets kommunestyre og fylkestingsval står meir enn 50 000 på vallister. Nesten seks av 10 kandidatar er menn. Alle parti har fleire menn enn kvinner på listene, og menn er også i fleirtal i alle aldersgrupper. Det er altså framleis ein veg å gå før det er likestilling i lokalpolitikken.
Alle desse listekandidatane går inn i verva, som regel vel vitande om at dei oftast får meir kritikk enn ros. Sosiale medium har gjort at kritikken kan vere ekstra tøff. Særleg er ungdom og kvinner utsette, ikkje berre for usakleg kritikk, men for sjikane og trakassering. Dette er uakseptabelt. Folkeskikk er også viktig for demokratiet!
Mange av listekandidatane er medlemmer i eit Unio-forbund. Sjølv om forbunda er partipolitisk uavhengige, manglar det ikkje på politisk engasjement og aktivitet i medlemsrekkene. Heldigvis!