Dei harde trettiåra
Null, null, null! Det er berre eitt tal som tel, meiner Norsk Industri ved inngangen til årets tariffoppgjer (Aftenposten 26. januar 2016). Ikkje nok med det. For å gjere det ekstra svart legg direktør Lier Hansen til: «…vi må tilbake til 1930-årene for å finne noe tilsvarende.»
Publisert: 1. februar 2016
Situasjonen i oljeindustrien og den stigande arbeidsløysa er alvorleg. Men å mane fram bilete av 30-åra er eit overspel, sjølv når det kjem frå Norsk Industri ved inngangen til eit tariffoppgjer.
Trusselen om tapte arbeidsplassar og økonomisk stagnasjon heng definitivt tungt over hovudtariffoppgjeret i 2016. Men i eit lengre perspektiv er det framleis slik at det vil vere behov for kompetanse og arbeidskraft.
Økonomisk har Noreg levd godt på oljen, og oljenæringa har vore viktig for sysselsetting og velferd. Ikkje berre for kysten, men for heile landet. Baksida av medaljen er at vi som nasjon ikkje i tilstrekkeleg grad har budd oss godt nok på ei varsla omstilling: oljebransjen er på nedtur. Ein nedtur som dels er skapt av overproduksjon i somme land, dels av klimatrusselen. I tillegg kjem det som ofte blir kalla naturlege svingingar i marknaden. Og no svingar det nedover.
Oljebransjen må sjølv ta noko av ansvaret for at nedturen er så kraftig. Bransjen har vore svært høgt oppe. Både når det gjeld lønnsnivå og produksjonskostnader. Kostnadene for å drive på norsk sokkel i Nordsjøen er dobbelt så høge som på britisk sokkel (Dag og Tid, 16. januar 2016). Sjølv om det norske kostnadsnivået generelt er høgt, verkar oljeskilnaden urimeleg stor.
Denne «boomen» har gjennom lang tid skapt tøffe tider for andre verksemder, særleg langs kysten. Dei har hatt vanskar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft, og somme har bukka under. Heldigvis har mange klart seg, og gjer det no ekstra godt, mellom anna på grunn av kronekursen.
Det forklarer nok også at oljeingeniørar og andre ikkje utan vidare ser det som aktuelt å arbeide i skuleverket eller i offentleg sektor generelt. Sjølv om der finst både uløyste oppgåver og ledige stillingar.
Dersom lønnsveksten blir så låg som somme arbeidsgjevarar ønskjer, vil det slå inn på etterspørselen etter varer og tenester, og dermed svekke økonomien ytterlegare. Arbeidsløysa er for høg. Men framleis er 96 prosent av arbeidsstyrken i arbeid. Difor er det viktig at eit ansvarleg oppgjer frå partane, blir følgd opp med ein finanspolitikk frå regjeringa som stimulerer til investeringar og aktivitet i både offentleg og privat sektor.
Grunnlaget er heldigvis langt betre no enn i «dei harde trettiåra» – og dei var verkeleg harde. Arbeidsløysa var på nærare 20 prosent, og på landsbygda var bønder og fiskarar nedsylta i gjeld. Å sette tæring etter næring er klokt. Å skremme med trettiåra er derimot uklokt.