Unio-leiaren sin replikk:

Spennande meklingsinnspurt

Mykje står på spel for mange desse dagane. Fristen for avklaring nærmar seg. Unioforhandlarane arbeider hardt for å nå fram til eit positivt resultat og nye hovudtariffavtaler både i staten og i kommunesektoren. Men vi er også godt budd viss vi ikkje når fram. Då er svaret streik.

Publisert: 21. mai 2014

Og som Stein Aabø skreiv i Dagbladet 20. mai: “Manglende politisk fingerspissfølelse kan føre til at oppgjøret for mange hundre tusen ansatte i staten og kommunene ender i streik. Hvis det i regjeringens og personaldirektørens hode betyr «3,3», basta bom, kan det bli vanskelig for riksmekleren å holde lokket på trykkokeren. Da kan vi oppleve det paradoksale at et utvalgsarbeid som ble igangsatt for å hindre unødvendige konflikter i offentlig sektor, utløser en.”

Les heile kommentaren her

Desse linene er skrivne frå ITUC-kongressen (den internasjonale fagrørsla) i Berlin. Her høyrer vi om lønns- og arbeidsvilkår som ligg både langt unna og langt under dei vi har i Noreg. Skilnadene er enorme, og urimelege. Og sjølvsagt kan dette vere både tankevekkande og utfordrande.

Er det i tråd med fagrørsla sine solidaritetstradisjonar at vi i rike Noreg vil ha endå betre vilkår, når vi veit at kollegaer i andre land knapt kan drøyme om våre vilkår?

Ein kollega frå eit land med høg arbeidsløyse og låg lønn kommenterte dillemmaet om lag slik:

Det hjelper oss null og niks om de slakkar av på krava dykkar i Noreg, snarare tvert imot. Kjøpesterke nordmenn er bra for oss. Det er også bra for oss å ha eit land å ”sjå opp til” og måle oss mot.

I alle fall; det er heilt legitimt og nødvendig for Unio å forhandle på grunnlag av norske vilkår, og på grunnlag av den verdiskapinga medlemmene medverkar til.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv