Unio-leiaren sin replikk:

Rik stat – fattige kommunar

Kvifor må ein søkkrik stat halde seg med fattige kommunar? Oljefondet er no på 18 800 832 150 763 kroner. Det er så mykje pengar at det er vanskeleg å forstå. På den andre sida – i fjor gjekk nesten halvparten av kommunane med underskot. Somme var og er så godt som konkurs. Det samla underskotet var på 4,7 milliardar kroner. Vi har altså to sortar pengar her til lands: pengar det er mykje av, og pengar det er lite av.

Publisert: 30. september 2024

Javel, Oljefondet er «for deg og fremtidige generasjoner», som det heiter på nettsida til «Norges Bank Investment Management». Vi kan altså ikkje forsyne oss uhemma av dette fondet. Det skjønar dei fleste. Dessutan har politikarane laga ordningar som regulerer uttaket.

Men det er noko som skurrar i styringa av pengane. Alle bur i ein kommune. Det er der folk møter velferdstilbodet. Det blir klarare og klarare at pengane ikkje strekkjer til. Dermed blir det eit evinneleg ping-pong-spel mellom staten og kommunane. Pengar og ansvar flyg over nettet. Tempoet aukar når det er valkamp. Då sit lovnadane laust, men det er ikkje opplagt at pengane følgjer med.

Regjeringa og Stortinget leverer reformer og lovnader på løpande band. Stort sett i beste meining. Men så snart vedtaka er gjorde, ofte utan at løyvingane strekkjer til, blir ansvaret plassert på kommunane.

Dette skaper frustrasjonar hos både kommunepolitikarar og hos tilsette. Dei tilsette strekkjer seg som seigmenn og -damer for å dekkje over forventningsgapet. Resultatet er ofte dårleg arbeidsmiljø og sjukmeldingar. Dette går ikkje lenger. Det gjeld ikkje berre i primærkommunane. Det gjeld i minst like stor grad i fylkeskommunane, som har større oppgåver enn pengesekk.

Noko må gjerast for å minske gapet mellom retorikk og realitetar. Regjeringa og Stortinget har hovudansvaret for dette.

Somme antydar at problema handlar om at innbyggarane er for kravstore. Det offentlege skal ta ansvar for det meste, frå vogge til grav. Ja, det skal seiast at vi er godt vande her til lands. Det offentlege stiller opp i større grad enn i mange andre land. Men dette har jo vore eit politisk mål i lang tid. Det er dette vi, og ikkje minst politikarar, er stolte over. Og med god grunn.

Dersom dei som styrer i regjeringa og på Stortinget meiner at innbyggarane må klare seg med mindre, må dei vere ærlege. Dei må seie frå. Dei kan i alle fall ikkje skape nye forventningar utan å løyve det som skal til.

Det er politiske nyansar i dette landskapet. Det er skilnader på høgresida og venstresida, men mest i retorikken.

KS har skrive brev til alle dei politiske partia. Med stort alvor blir det sagt at kommuneøkonomien er på kanten av stupet. «Det er alvor no», heiter det. Det har det vore ganske lenge.

KS sitt svar er meir pengar frå staten, og større fridom for kommunane. Dei vil kvitte seg med lover og reglar som bind opp pengebruken. Det er eit like velkjent som dårleg forslag frå KS. Erfaring tilseier at den kommunale fridomen dessverre ofte blir brukt på måtar som rammar tilsette og brukarar av ulike tenester.

Det er no ein gong slik at både staten og kommunane har ansvar for offentlege tenester og velferdstilbodet her til lands. Den rike staten må gje kommunane betre vilkår, utan å sleppe frå seg styringsansvaret.

Neste veke kjem statsbudsjettet for 2025…

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv