Unio-leiaren sin replikk:

Opprydding i arbeidslivet må omfatte psyko-sosialt arbeidsmiljø

Den nye regjeringa har varsla ei storreingjering i arbeidslivet. Mellom anna skal reglane om mellombels tilsetting strammast inn, og retten til heile stillingar skal forsterkast. Det er bra. Men reversering er ikkje nok. Lovgjevinga og HMS-apparatet må fornyast, og i større grad rettast inn mot psyko-sosiale belastningar.

Publisert: 25. oktober 2021

Både lovverket og HMS-strategiane heng i for stor grad fast i klassiske risikofaktorar i industrien og i bygg og anlegg. Sjølvsagt skal fokuset framleis vere retta mot å hindre ulykker og skadar som kan oppstå i desse delane av arbeidslivet.

Dette er slett ikkje nok for dagens arbeidsliv. Industrien har langt færre tilsette enn for nokre tiår sidan. Industriarbeidsplassane er heller ikkje som dei var. Det har vore ei rivande utvikling.

Samtidig opplever stadig fleire at dagens lovverk og HMS-praksis ikkje gir tilfredsstillande helsevern. Både i offentleg sektor og store delar av privat sektor er det ikkje først og fremst fysiske og kjemiske risikofaktorar som dominerer. Arbeidsdagane er ofte prega av dårleg samsvar mellom forventningar og ressursar, motstridande mål, dårleg tilpassa arbeidstidsordningar, for høgt arbeidspress, for å nemne noko. Mange opplever at psyko-sosiale risikofaktorar ikkje blir tatt alvorleg nok.

Arbeidsmiljøforskriftene bruker om lag 700 sider på å omtale kjemiske og fysiske risikofaktorar som somme arbeidstakarar er utsette for. På den andre sida finst det knapt forklaringar og omtalar av organisatoriske og emosjonelle risikofaktorar som stadig fleire blir utsette for. Her må det bli betre balanse. Det trengst omstilling og endring på mange plan.

Muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar er årsaker til om lag 60 prosent av sjukefråværet. Ofte rammar dette ekstra hardt i kvinnedominerte yrke. Forsking frå mellom anna STAMI viser at ein fjerdedel av dei psykiske plagene kunne ha vore hindra dersom relevante risikofaktorar hadde vore eliminerte.

Evalueringa av den førre IA-avtalen viste at det er behov for sterkare vekt på å skape eit førebyggande arbeidsmiljø. Gjeldande IA-avtale har skarpare fokus nettopp på dette, og det blir understreka at tilrettelegging på arbeidsplassen er eit ansvar for alle partar.

Arbeid med og for folk er overmåte inspirerande og gjevande. Men over tid knyter det seg både belastningar og risikofaktorar knytt til slikt arbeid og slike yrke. Det handlar sjeldan om brå ulykker, men slitasje over tid.

Dette er ikkje nye oppdagingar. Både arbeidsmiljøforskarar og Unio har ved fleire høve peika på desse misforholda i arbeidslivet, og kravd endringar. Så langt må vi konstatere at inga regjering har tatt dette alvorleg nok.

Difor må den varsla storreingjeringa omfatte heile arbeidslivet. Psyko-sosiale forhold må få større plass både på papiret og i praksis. Det handlar om arbeidsmiljøet til vanlege folk!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv