Unio-leiaren sin replikk:
Nokon må gripe inn
No er det all grunn til å håpe at det blir lytta til songaren Stein Torleif Bjella. Nokon må gripe inn. Ikkje nødvendigvis på Ål stasjon, men når det gjeld straumprisane. Det handlar ikkje berre om prisane, men om systemet som skaper dei.
Publisert: 17. januar 2022
Ja visst, regjeringa har laga støttepakkar både ein og to gonger. Og ein energikommisjon skal i sving. Men for folk flest er situasjonen likevel både usikker og uhaldbar. Straumprisane stel kjøpekraft frå folk. Mange har åtvara mot at dette kunne skje. Politikarar frå fleire parti, og med ulik farge, har sett ein annan veg, og det kan verke som om dei har håpt at det som no har skjedd ikkje ville skje. Sølv om dei har vore klar over risikoen. Det har vore vist til at i fjor var straumprisane rekordlåge. Vi har ikkje gløymt det. Men det hjelper lite for hushaldningar som slit at prisane var låge i fjor når dei blir skyhøge i år.
Dessutan, nettopp det at det var rekordlåge prisar i fjor burde ha vore ei varselklokke. Det illustrerer at det kan bli ukontrollerte svingingar. Marknadsmekanismar kan vere bra i mange samanhengar, men det er risikabelt å overlate ein så sentral infrastruktur som straum til marknaden.
Systemet er blitt så komplisert at det er vanskeleg å forstå for vanlege folk. Ekspertane er ueinige om det meste. Somme skuldar på utanlandskablar, Acer og EU. Andre seier at internasjonal kraftutveksling er nødvendige både for Noreg og miljøet på lengre sikt. Dei fleste er einige om at utanlandskablane i alle fall har medverka til noko høgare prisar dei siste månadane. Men det verkar som det er eit politisk fleirtal for å halde på ordninga – i alle fall i eit visst omgang. At skiljet tilsynelatande går tvers gjennom regjeringa, viser kor komplisert dette er.
Somme meiner at det i praksis er Putin som no regulerer marknaden og prisane våre. Viss han strammar inn på gassleveringa til Europa, må vi betale prisen. Det går ikkje.
Det som kjenneteiknar marknaden er at han har ein tendens til å funke. Difor ser vi at kraftselskapa syter for at straumen følger pengane. Dei steller seg slik at dei leverer dit dei får best pris, noko som også verkar inn på fyllingsgraden i bassenga. Dette skjer sjølv om dei fleste kraftselskapa er i offentleg eige. Inntektene er for tida svært store. Det er pengar som går til skule og helse, seier somme som forsvarar systemet. Men i praksis er dette ein skatt som er svært lite føreseieleg.
På toppen av dette er det nesten uråd å forstå fakturaen, og systema som ligg bak. Fleire selskap har laga system og konkurranseordningar som rett og slett fører folk bak lyset. Ein misser oversikt. Forbrukarrådet har iherdig og tydlege tatt opp dette gong på gong. Men også her har selskapa for fritt spelerom. No har dei laga eit prissystem som forvirrar endå meir, sjølv om regjeringa no har pressa fram ei utsetjing.
Det nærmar seg tariffoppgjer. Prisvekst og kjøpekraft er viktige tema. Straumprisane kan bli eit krevjande element også her.
Både folk flest, industrien og andre næringar må kunne forvente eit anstendig og føreseieleg prisnivå på straumen. Absolutt alle er avhengige av straum. Politikarane må finne ein betre balanse mellom marknad og regulering. Det hastar.
Nokon må gripe inn!