Unio-leiaren sin replikk:

Lønnsdebatten går vidare

Unio-året 2022 var prega av debatt om systemet for lønnsdanning der frontfagsmodellen har dominert i tiår etter tiår. Vi avsluttar året med den same debatten.

Publisert: 20. desember 2022

Unio og medlemsforbunda har fått heftig kritikk for at vi har løfta fram ein debatt om negative sider ved praktiseringa av frontfagsmodellen. Ikkje uventa slår NHO og LO ring om status quo. Det går an å forstå at dei forsvarer sin eigen maktposisjon, som inneber at dei indirekte bestemmer over lønna til dei fleste andre her til lands.

Sjeføkonomen i LO forsvarar modellen og praksisen med ein intensitet som minner om overtru. Sjølv dei minste avvik blir karakteriserte som skadelege angrep på land og folk. Denne haldninga er ikkje spesielt truverdig.

Like underleg er det å observere forsvarstalane i deler av media, særleg frå heiagjengen i LO-media og A-pressa. I NHO finst derimot meir nyanserte haldningar.

Dei einaste som ikkje treng å bry seg om frontfagsresultatet (som berre er ei prognose), er dei uorganiserte. Somme av desse i typiske låglønnsjobbar taper. Men dei godt utdanna kunnskapsarbeidarane i fleire bransjar har langt høgare lønn enn tilsvarande grupper i offentleg sektor. Verken arbeidsgjevarar eller tilsette treng å ta omsyn til frontfagsmodellen.

Det er og blir eit stort paradoks at dei gruppene som har desidert høgast organisasjonsgrad i norsk arbeidsliv berre har «halv» forhandlingsrett. Lyttar ein på talsfolk frå NHO og LO, er det berre den interne fordelinga det kan forhandlast om. Rammene skal frontfaget bestemme. Dette går ikkje lenger.

Norge kan ikkje halde seg med ein frontfagspraksis som direkte hemmar rekrutteringa av viktige kunnskapsgrupper til offentleg sektor. Også for likelønna er dette problematisk. Det er i realiteten umogeleg å omfordele mellom kvinner og menn i kommunesektoren, der 80 prosent av dei tilsette er kvinner. Særleg når det er eit mål å rekruttere fleire menn til kvinnedominerte grupper. Frontfagsmodellen såg forresten dagens lys omtrent samstundes med at store kvinnegrupper var på full fart inn i lønnsarbeid i stort omfang.

Det stemmer at gjennom frontfagsmodellen får andre grupper i arbeidslivet del i produktivitetsveksten i industrien. Det er sjølvsagt positivt, ikkje minst i lys av at det er vanskeleg å måle produktiviteten i arbeid med og for folk.

Vi registrerer no ved utgangen av året at stadig fleire utanfor Unio ser at frontfagsmodellen har sine problematiske sider. Men det er ei kjennsgjerning at modellen står sterkt. Den har lang tradisjon og dermed iherdige talsfolk.

No skal det settast ned eit offentleg utval som skal drøfte fleire forhold knytt til økonomi og lønnsdanning, inkludert frontfagsmodellen. For Unio er det både i denne samanheng og i andre samanhengar ei oppgåve å medverke til eit system for lønnsdanning som i større grad kan premiere utdanning, kompetanse og ansvar – særleg i offentleg sektor.

Men før det, god jul til alle.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv