Unio-leiaren sin replikk:
Frontfagsmodellen svekker offentleg sektor
Overskrifta er henta frå ein kronikk i Aftenposten (4.11). Forfattaren er økonomiprofessor og rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn. Han er, som så mange andre, uroa over den svake rekrutteringa til viktige yrke i offentleg sektor. Mohn har heilt rett når han seier at frontfagsmodellen ikkje er løysinga. Tvert imot. Slik modellen blir praktisert, er modellen eit problem. Eit stort problem.
Publisert: 11. november 2024
Frontfagsmodellen tilseier at konkurranseutsett industri skal forhandle først. Det inneber at LO og NHO, og deira medlemsorganisasjonar, i praksis skal bestemme lønnsutviklinga for resten av arbeidsstyrken. Men modellen er meir enn dette. Den er i praksis eit maktorgan. Eit godt døme på dette er at LO er representert i Rikslønnsnemnda som no skal behandle tariffoppgjeret for fleirtalet av dei statstilsette. Det er Unio (og Akademikerne) sin lønnstvist som skal avgjerast, men LO er der for å «passe på». Dette lønnshegemoniet kom i spel då Unio og Akademikerne streika i vår. Difor sat skjellsorda frå delar av LO laust.
Det var nærast naturgitt at sjeføkonom i LO, Roger Bjørnstad, måtte reagere på Klaus Mohns kritiske kronikk. Han har også fått med sjeføkonom i NHO, Øistein Dørum. I denne saka går LO og NHO i tospann. Det er ein del av modellen. Dei har begge interesse av å forsvare sin felles maktposisjon over norsk lønnsdanning og dermed over viktige delar arbeidslivspolitikken. I alle år har sjølv den minste kritikk mot modellen blitt tolka som ein trussel mot denne posisjonen.
I sjeføkonomane sitt svar til Klaus Mohn er det lite nytt å finne. Hovudbodskapen er at Mohn, og andre mogelege kritikarar, ikkje skjønar kva for ei velsigning modellen er for det norske samfunnet. At Bjørnstad & Dørum er opptekne av industrien si viktige rolle, er lett å forstå. Det er dei fleste. Men dei verken evnar eller vil løfte blikket høgt nok til å sjå konsekvensane av den illevarslande svake rekrutteringa til viktige yrke i offentleg sektor. Ifølgje desse to karane er det ikkje lønn, men først og fremst oppgåvefordeling og teknologi som skal løyse rekrutteringskrisa til kvinnedominerte yrkesgrupper. Du store tid!
Vi er vande til å høyre at Bjørnstad ser frontfagsmodellen som løysinga på dei fleste samfunnsproblem. Noko blir gjentatt i innlegget i Aftenposten. Med brei penn blir det slått fast at modellen bidrar til å hindre «ulikhet, lønns-lønns-spiraler, lønns-pris- spiraler, høyere rente og høyere arbeidsledighet». Dei ser heilt vekk frå problema modellen skaper, og som Mohn peikar på.
Eg skal gi Bjørnstad og Dørum rett i eitt forhold. Dersom modellen blir etterlevd, er han med på å legge grunnlaget for at lønnsutviklinga for ulike grupper over tid blir tilnærma lik. Dette er samstundes med på å låse fast relative lønningar. I praksis inneber det at modellen medverkar til å halde lønnsnivået for store grupper i offentleg sektor nede. Det er også noko av målet med modellen, slik det går fram av resonnementet til Bjørnstad og Dørum. Det bør vere eit tankekors, i det minste for LO og Bjørnstad, at det er nettopp i offentleg sektor at organisasjonsgraden er høgast.
Det skal leggast til at modellen ikkje er heilt statisk. Eg hugsar godt då det blei hevda at det var industriarbeidarresultatet som blei presentert som frontfagsmodellen. Etter gjenstridig argumentasjon frå Unio er det no erkjent at modellen også skal fange opp funksjonærlønna, og at profilen skal avgjerast i dei ulike forhandlingsområda. Litt endring er oppnådd.
Likevel, Klaus Mohn har rett når han åtvarar mot ein tradisjon og ein modell som fører til «at samfunnskritiske offentlege tenester kan bli underminert og kvelt av frontfagsmodellen».










