Unio-leiaren sin replikk:

Kompetanse gjennom vedtak?

Arbeidarpartiet har hatt landsmøte. Mange vedtak er fatta. Ja eller nei til oljeboring i Lofoten har fått mykje medieomtale. Oljen vann. Ikkje uventa. Meir uventa var eit vedtak om at fagbrev skal gi studiekompetanse.

Publisert: 23. april 2013

Å bli studiekvalifisert kan ordnast gjennom vedtak, meiner AP. Dei med fagbrev skal “regnes” som studiekvalifiserte. Og så blir det lagt til at universitet og høgskular må gi tilleggsopplæring viss det trengst. Kvalifiseringa blir i praksis flytt eitt nivå opp. Det verkar verken logisk eller lønnsomt. God utdanningspolitikk er det heller ikkje. Vedtaket svekkjer den vidaregåande skulen.

Ei av hovudoppgåvene for vidaregåande er å kvalifisere for studiar ved universitet og høgskular. Eitt av argumenta er at yrkesfaga må bli meir attraktive. Å bli fagarbeidar, er visst ikkje bra nok. Det må noko meir til. Studiekompetanse er kanskje fint å “få” i tillegg.

Eit fagbrev vitnar om solid kompetanse. Ofte som klassisk handverkar. Men nye fag kjem til. Valfridomen er stor. Det finst også i dag vegar til å bygge på – ta meir teori – for å skaffe seg kompetanse til å studere ved universitet og høgskular. Somme gjer det, og presterer godt. Nyleg la regjeringa fram forslag om eit studieførebuande påbyggingsår på grunnlag av fagbrev. Eit fornuftig tilbod til dei som vil studere. Men kvifor ta eit ekstra år, når ein allereie “regnes” som studiekvalifisert?

Mange sluttar i vidaregåande, og fullfører ikkje. Særleg gjeld det i yrkesfaga. Politikarane slit med å finne gode løysingar. Den eine kampanjen avløyser den andre. Viss Ap sitt syn vinn fram, er det fare for at fråfallet blir eksportert til høgre utdanning før det er løyst i vidaregåande.

Eller kanskje fråfallet etter kvart kan “regnes” som løyst?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv