Unio-leiaren sin replikk:
Tilbake på sporet?
«Vi håper på en faglig dugnad for å få det offentlige Norge tilbake på sporet». Slik avsluttar professorane Victor Norman og Christine Meyer ein kronikk i Dagens Næringsliv (18.9.19).
Publisert: 26. november 2019
Offentleg sektor er under stadig debatt. Somme vil seie under stadige angrep. Dagens regjering har fått hyppig, og fortent kritikk for måten dei styrer offentleg sektor på. Unio har mellom anna kravd stopp av både den såkalla ABE-reforma og av unødvendig konkurranseutsetting og privatisering av sentrale velferdstenester. Mykje av dette er ikkje berre unødvendig. Det er skadeleg. Men regjeringa, ikkje minst finansministeren, er standhaftig, og barrikaderer seg i ei ideologisk skyttargrav.
Offentleg sektor må fornye seg, bruke midlane meir effektivt. Lokale leiarar og tilsette veit best korleis dette skal gjerast, meiner finansministeren, og viser til ABE-reforma. Dette er knapt nokon ueinig i. Men det er snart berre regjeringa som meiner at eit blindt ostehøvelkutt som rammar alle, er den beste medisinen.
No får vi støtte frå uventa hald. Duoen Christine Meyer og Victor Normann er ute med ny bok; «Ikke for å konkurrere». Overskrifta signaliserer kritikk mot ideologien som har prega styringa av offentleg sektor i lang tid. Ja, det er meir enn eit signal: «Vi må ha offentlige etater som ikke tenker eller opptrer som markedsaktører», seier professorane, og legg til: «De er der ikke for å tjene penger, og de er der ikke for å konkurrere».
Det er ikkje kven som helst som uttalar seg. Victor Norman har vore statsråd, og Christine Meyer har vore statssekretær. Begge for Høgre. Dessutan er dei velrenommerte akademikarar.
Dei leverer ein sviande kritikk av marknadsstyringa av offentleg sektor, og av management-tenkinga som fekk slå rot på 80- og 90-talet. Kritikken rammar dagens regjering midtskips. Men like mykje er det hardt skyts mot Arbeidarpartiet, og ideologar på den sida av politikken. Det var nettopp dei som adopterte og marknadsførte marknadstenkinga i offentleg sektor, særleg under slagordet «Den nye staten».
Norman og Meyer har fått kritikk for berre å kritisere, og enkelte påpeikar at dei ikkje leverer truverdige styringsalternativ for offentleg sektor. Det er ein kritikk som også har vore retta mot Unio og medlemsforbunda.
Det er opplagt at offentleg sektor må fornye seg. Offentleg sektor skal vere effektiv og levere gode tenester, ofte gjennom nye arbeidsmåtar og ny teknologi. Det er heller ikkje nok å erklære «Tillitsreform», eit omgrep som mange no tyr til. Det hastar i alle fall å klargjere korleis ei slik reform skal konkretiserast i praksis?
Det er på sin plass å minne om at ei av grunngjevingane for sjukehusreforma i si tid, var konstante og ukontrollerte budsjettoverskridingar som ofte gjekk ut over andre delar av dei fylkeskommunale tenestene. No handlar det meste av debattane i føretaksstyra om overskot og underskot. Kvifor skal sjukehus gå med overskot, forresten?
Offentleg sektor skal vere både politisk styrt og budsjettstyrt. Då må vi som tillitsvalde sjølvsagt vere innstilte både på budsjettstyring, kontrollmekanismar og krav om innsyn. Men vi treng ikkje å kopiere dårleg praksis frå privat sektor av den grunn.
Meyer & Norman har rett. Vi må få offentleg sektor tilbake på sporet.