Unio-leiaren sin replikk:
Maritime næringar på grøn kurs?
Dei maritime næringane kan bli ei sterk drivkraft i og for det grøne skiftet. Det krev politisk vilje til å satse på brei front. Dei ulike tiltaka må vere effektive kvar for seg, men dei må også støtte opp om kvarandre. Dei må navigere mot same mål, og maskinkrafta må vere sterk nok. Det aller viktigaste er at vi har maritime næringar, ikkje minst at vi har ein framtidsretta skipsfart med høg kvalitet. I praksis inneber det at vi har norske sjøfolk, på norske vilkår på norsk sokkel.
Publisert: 5. mars 2019
«Et grønt skifte i maritim næring er vinn-vinn. Det vil gi viktige utslippsreduksjoner og potensiale for næringsutvikling», slo dåverande miljøminister Trine Sundtoft fast då regjeringa for snart fire år sidan la fram ein maritim strategi. Den gongen blei det lagt vekt både på vidareføring av NOx-avtalen, på meir miljøvennleg drivstoff og på forsterka internasjonalt regelverk.
Dette var positive tiltak. Seinare har det vore fokus på landstraum og på elektrifisering av store deler av skipsfarten, ikkje minst på ferjer lang kysten. Det er bra.
Men skal desse, og andre tiltak, gi nødvendig effekt, må meir av transporten over på skip – på miljøvennlege skip. På det området går det for tregt. Den politiske maskinkrafta er for svak. Det blir for mykje utspelspolitikk, og mindre planmessig satsing. Vi høyrer lang mindre frå regjeringa om å satse på skipsleia enn å satse på bygging av vegar.
I miljø- og klimapolitikken høyrer vi ofte om mål og standardkrav. Det er det heldigvis også i arbeidslivspolitikken. Men det er ikkje tvil om at vilkåra til sjøs er under sterkt og uakseptabelt press. Det nyttar ikkje å legge opp til at dei maritime næringane skal gå for full maskin mot det grøne skiftet viss norske sjøfolk og norsk kompetanse blir pressa vekk av mindre kompetent arbeidskraft og sosial dumping.
Globaliseringa har så godt som alltid vore ein del av arbeidslivet for sjøfolk. Det har ofte vore grunnlag for vekst og sysselsetting. Men også for det motsette. Sjøfolk har til fulle fått oppleve kva globalisering og global konkurranse kan innebere: Tap av arbeidsplassar og press på lønns- og arbeidsvilkår. Sjøfolk har fått oppleve at uttrykket «race to the bottom» er ein realitet.
Sjøfolk blir ofte hylla og heidra i festtalar. Dels for kor viktige dei er for norsk historie og for norsk velferd, dels for kor viktige dei er no og i framtida. Men slett ikkje alltid toler dei vakre orda møtet med kvardagen.
Mi klare melding til regjeringa er: Det er ikkje nok å hylle sjøfolk for ærerik historie. Viss Noreg skal vere ein sjøfartsnasjon også i framtida – ein nasjon som dyrkar og drar nytte av havet – trengst ein ny og meir offensiv politikk:
Ein politikk som byggjer på norske lønns- og arbeidsvilkår.
Ein politikk som sikrar at norske arbeidsfolk har gode og framtidsretta arbeidsplassar på havet.
Ein politikk som byggjer på den kompetansen vi har med oss – som har tatt oss frå seglskuter til topp moderne fartøy.
Ein politikk som set kunnskap og kompetanse i sentrum – også når vi snakkar om ressursane i og frå havet.
Det trengst for å styrke maskinkrafta – mot det grøne skiftet.