Unio-leiaren sin replikk:

Kompetansereform – endå ein gong

Eg har rydda. Det har vore vasskade på kontoret. Permar har blitt lagra i det «manuelle arkivet». Der fann eg forresten mykje som er dagsaktuelt. Til dømes om etter- og vidareutdanning og kompetanseutvikling. Dokumenta var mange – svært mange. No har regjeringa oppnemnt eit nytt kompetanseutval. Det er bra.

Publisert: 23. juni 2023

På 1990-talet og i overgangen til det nye tusenåret stod etter- og vidareutdanning høgt på dagsordenen. 1996 var det europeiske året for livslang læring, med EU i førarsetet. Unesco og OECD var også på ballen. Her til lands var eit regjeringsoppnemnt offentleg utval i sving. Etter- og vidareutdanning var også tema i fleire tariffoppgjer.

Intensjonane og ambisjonane var mange og gode. Optimismen var der også. Den var så stor at utvalet, som tidleg på 2000-talet arbeidde med ei universitetsreform, brukte satsing på etter- og vidareutdanning som eitt av argumenta for å korte ned på studielengda. Hovudfaget blei avskaffa. Det er tvilsamt om det argumentet held i ettertid.

Her er med andre ord rikeleg med arkivmateriale. Men framleis manglar ein brei og handlingsretta strategi som treffer alle grupper. Finansiering – kven som skal betale – har vore eit gjennomgåande diskusjonstema og ei hindring. Det kan vere fleire finansieringskjelder, men staten må yte sitt.

Det har også vore eit problem at grupper som frå før har høgare utdanning har kome bak i køen. Argumentet har vore at det er andre grupper som har større behov for meir utdanning og meir kompetanse. I eit kunnskapsbasert samfunn og arbeidsliv held ikkje dette argumentet. Det veit dei med høgare utdanning, og mange syter på ulike måtar for å forsterke eigen kompetanse. Grunngjevinga for å opprette det nye utvalet er at både samfunnet og arbeidslivet blir stadig meir kompetansedrive, og det er fare for at det blir mangel på kompetent personell. – Vi går tom for folk før vi går tom for pengar, seier statsråd Ola Borten Moe.

Nettopp dette poenget burde ha ført til at spørsmålet om finansiering var tydelegare i mandatet. Ein nøyer seg med å vise til at det må leggast til rette for «at det utvikles kostandseffektive muligheter for utdanning og kompetanseutvikling…». Dette er for vagt.

Det nye utvalet er partssamansett, med ein uavhengig leiar. Det er eit godt utgangspunkt. Sjølv om arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida er einige om dei fleste måla i denne samanhengen, blir det nok også ein del å stridast om.

Regjeringa forventar at utdanningssystemet – universitet og høgskular og andre – skal medverke til at fleire får oppdatert kunnskap. Her kan også dei vidaregåande skulane, som er desentraliserte kunnskapssenter og spreidde over heile landet, spele ei betydeleg rolle. Men då må fylkeskommunane ta det ansvaret dei allereie har fått når det gjeld kompetanseutvikling for vaksne.

I tillegg til finansieringa er det eit anna forhold som har hindra eit godt og breitt system for kompetanseutvikling. I mange tilfelle endar kurstilbod opp i ein debatt om realkompetansevurdering og krav om at kurs og erfaring skal kunne konverterast til studiepoeng. Ofte på tynt fagleg grunnlag. Vi må framleis skilje mellom formelle studium og kompetansegjevande vidareutdanning på den eine sida og etterutdanning og fagleg ajourføring på den andre. Svært mykje av det vi driv med både i arbeidslivet og i utdanningsinstitusjonane er kompetanseutviklande.

Eg er glad for at utvalet er oppnemnt. Viktige diskusjonar og konklusjonar ventar, og trengst. Unio er representert i utvalet med fagsjef Eli-Karin Flagtvedt.

God sommar!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv