Unio-leiaren sin replikk:

Godt gjennomført

Onsdag 28. januar stilte tusenvis av arbeidstakarar opp til ei historisk markering. Medlemmer i Unio, LO og YS gjekk til fellespolitisk streik mot regjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljølova. Landet rundt var det markeringar som til saman ga ei kraftig melding til regjeringa og Stortinget: Snu i tide!

Publisert: 29. januar 2015

Eg vi rette ei stor takk til dei mange tillitsvalde som gjorde godt og grundig forarbeid. Og ikkje minst ei stor takk til medlemmer som stilte opp og viste engasjement for ei viktig sak. Mange stader var det også «kamp» mot ver og vind for å gjennomføre arrangementa.

Stor takk også til kollegaer frå dei andre organisasjonane for godt samarbeid. Og til politikarar frå alle part som stilte opp – somme med heiarop og støtte, andre for å forsvare seg.

No ligg saka i Stortinget, og før påske skal denne viktige saka vere ferdigbehandla. Unio vil sjølvsagt halde fram påverknadsarbeidet overfor Stortinget. KRF og Venstre vil ha ei nøkkelrolle, og langt på veg avgjere utfallet. Knut Arild Hareide var i appellen sin klar på at KRF var imot forslaget om mellombels tilsetting utan vilkår. Likeeins at KRF er kritisk til å opne for hyppigare søndagsarbeid. Venstres Trine Schei Grande forsikra på nytt at dei vil innskrenke dei lange mellombelse tilsettingsperiodane, særleg i staten og i universitets- og høgskulesektoren. Ho var ikkje tydleg på korleis det skulle skje, men såg det tydelegvis som eit forhandlingskort. Viss Venstre vil innskrenke grunnlaget for mellombels tilsetting med den eine handa, vil det vere underleg om dei vil opne opp med den andre.

Mellompartia har i alle fall ein viktig posisjon med tanke på utfallet. Og dermed eit stort ansvar.

Arbeidsmiljølova er ein grunnmur i den norske arbeidslivsmodellen. Lova er viktig for tilliten og partsbalansen. Ei lovendring med eit knappast moglege fleirtal bak seg, kanskje berre eit par–tre stemmers overvekt, vil neppe vere særleg robust. For å bruke eit av regjeringa sine favorittuttrykk.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv